Melding til barneverntenesta (uromelding)

Beskrivelse

Uroar du deg for eit barn eller ein ungdom? Er du i tvil om barnet eller ungdommen får god nok omsorg? Då bør du melde frå til barneverntenesta. Uromeldinga di kan vere viktig og medverke til ein betre situasjon for barnet eller ungdommen.

Du treng ikkje ha bevis eller vere sikker på at noko er gale før du melder frå, men informasjonen må vere meir enn eit rykte. Det er oppgåva til barneverntenesta å undersøkje saka nærare.

Som privatperson har du eit moralsk ansvar for å melde frå når du er uroleg for eit barn. Du kan velje å melde frå med fullt namn eller å vere anonym.

Som tilsett i offentleg sektor (skole, barnehage, helsestasjon osb.) har du plikt til å melde frå dersom du er bekymra for eit barn. Du kan ikkje vere anonym.

Barn og unge kan også sjølv ta kontakt med barneverntenesta om eigen situasjon.

Treng du råd om du skal melde frå eller ikkje, kan du ringe barneverntenesta i kommunen og diskutere saka anonymt.

Målgruppe
  • Privatpersonar som kjenner til barnet det gjeld
  • Tilsette i offentleg sektor som er i kontakt med barnet det gjeld
  • Barnet eller ungdommen sjølv
Lover

Barnevernslova kap. 2 (Uromelding og undersøking)

Barnevernslova kap. 13 (Teieplikt, opplysningsplikt og høve til å gje opplysningar)

Veiledning

Ei melding til barneverntenesta kan vere skriftleg, skje over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga kan vere anonym.

Dersom du gir opp namnet ditt, men ber om at dette ikkje blir gjort kjent for foreldra, kan anonymiteten bli oppheva dersom barneverntenesta fører sak om omsorgsovertaking og saka må i retten.

Saksbehandling

Når barneverntenesta får ei uromelding, vil dei innan éi veke gå gjennom informasjonen i meldinga og vurdere om saka skal:

  • undersøkast nærare
  • leggjast vekk, enten fordi meldinga openbert er grunnlaus eller fordi forholda som er beskrivne ikkje vil krevje spesielle tiltak

Du får normalt ei stadfesting på at meldinga er mottatt innan tre veker.

Blir det starta ei undersøking, kan barneverntenesta ta kontakt med deg for å få meir informasjon. Dei kan òg ta direkte kontakt med dei føresette til barnet eller barnet sjølv for å få meir informasjon. Gjennom undersøkinga skal barneverntenesta avklare om og korleis barnet og familien kan få hjelp.

Fordi barneverntenesta har teieplikt, får ikkje private innmeldarar informasjon om korleis barnet og familien blir følgde opp. Offentlege innmeldarar får derimot beskjed om barneverntenesta startar ei undersøking, korleis saka blir følgd opp eller om ho blir lagd vekk.

Om du har meldt frå tidlegare, men framleis er uroleg for barnet, er det viktig at du tar kontakt med barneverntenesta på nytt.

Klage

Du kan ikkje klage på vurderinga til barneverntenesta av korleis meldinga skal handterast.

Los-ord
uromelding, barnevern, familievern, barne- og familievern, omsorgssvikt, hjelpetiltak, familievald, ungdomsproblem, rusproblem, rusmisbruk, alkoholproblem, alkoholmisbruk, overgrep, incest, misbruk, juling, straff, trakassering, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, omskjering, feilernæring, underernæring

DebugView   v2