Byggavfall – kjeldesortering

Beskrivelse

Dersom du skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, må du lage ein plan for korleis avfallet skal handterast. Minst 60 % av avfallet målt i tonn må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre spreiing av miljøfarlege stoff, å redusere mengda byggavfall og å auke gjenbruk og gjenvinning.

Med avfall meiner ein materiale og gjenstandar frå tiltaket. Avfall som består av gravemassar er ikkje omfatta av reglane.

Ved endring eller riving av eksisterande byggverk skal du gjere ei kartlegging av bygningsdelar, installasjonar og liknande som kan utgjere farleg avfall, og utarbeide ei miljøsaneringsbeskriving.

Etter at tiltaket er fullført, skal du sende inn sluttrapport som dokumenterer den faktiske disponeringa av avfallet, fordelt på avfallstypar og -mengder.

Målgruppe

Avfallsprodusentar, dvs. tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak.

Vilkår

Du må levere avfallsplan ved (gjeld også tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova):

  • oppføring, tilbygging, påbygging og underbygging av bygning over 300 kvadratmeter bruksareal
  • vesentleg endring (inkludert fasadeendring) eller vesentleg reparasjon av bygning over 100 kvadratmeter bruksareal
  • riving av bygning eller del av bygning over 100 kvadratmeter bruksareal
  • alle tiltak som genererer over 10 tonn byggje- og rivingsavfall.
Lover
Veiledning

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har utarbeidd skjema som det blir tilrådd å nytte:

Sluttrapport med avfallsplan for nybygg

Sluttrapport med avfallsplan for rehabilitering og riving

I avfallsplanen gir du:

  • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
  • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som faktisk er levert. Dette kan vere:

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenerklæringsskjema (viss du for eksempel har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

Ei eventuell miljøsaneringsbeskriving skal minst innehalde opplysningar om:

  • kven som har utført kartlegginga
  • dato for kartlegginga
  • byggjeår og tidlegare bruk dersom dette er kjent
  • resultat av representative materialprøver og analyser
  • førekomsten og mengda av farleg avfall fordelt på type
  • plassering av farleg avfall i byggverket, vist med bilete eller teikning der det kan vere tvil
  • korleis farleg avfall er identifisert ved merking, skilting eller andre tiltak
  • korleis det farlege avfallet er planlagt fjerna
  • kor det farlege avfallet er planlagt levert
  • alle funn av farleg avfall, samanstilt i ein tabell
Saksbehandling

Saksbehandlingstid vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak. For tiltak som både:

  • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
  • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsbeskriving

vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsbeskriving vere knytt opp mot byggjesaksbehandlinga. Avfallsplan og eventuell miljøsaneringsbeskriving må vere godkjende av kommunen før du kan setje i gang tiltaket.

Du må sende avfallsplan og ev. miljøsaneringsbeskriving til kommunen i god tid før du planlegg å setje i gang tiltaket. Sluttrapporten skal leverast når tiltaket er avslutta og alle kvitteringar frå avfallsmottak er på plass.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Spesialavfall, gjenbruk, gjenvinning, renovasjon, søppel, avfall, boss, bøss, kjeldesortering, miljøsanering, sanering, miljøstasjon, resirkulering, retur, avfallshandtering, rehabilitering, riving, rivning, farlig avfall, ombygging, påbygging, utbygging, underbygging, tilbygging, tilbygg

DebugView   v2