parkeringskort-forflytningshemmet_450x316

Dersom du av forskjellige grunnar har vanskar for å gå, kan du søke kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma som gir deg rett til å parkere på parkeringsplassar som er reserverte for rørslehemma.

Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå å over ei viss lengd.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Vedtaket kan påklagast etter føresegnene i Forvaltningslova kapittel VI innan 3 veker frå du fyrst fekk elektronisk varsling eller brev om vedtaket. Klagei skal sendat Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar, evnt. e-post til  fitjar@fitjar.kommune.no
Vegdirektoratet er likevel klageinstans når førsteinstansvedtak om avslag er truffet i kommunestyret.

Til søknad om parkeringsløyve skal det følge med legeattest og passbilde. 

Søknad sender du elektronisk via denne lenka. Parkeringsløyve er gratis.

 

Søknadsskjema og legeerklæring i papirformat:

Søknadsskjema

Legeerklæring

 

Parkeringsforskriften
Forskrift om parkering for forflytningshemmede
Forvaltningsloven