Atheno AS er Fitjar kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Atheno skal fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og legge til rette for auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen.

Forretningsutvikling
I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i virkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til forretningsutvikling for di bedrift.

Atheno canvasprosess
For alle som driv eller skal drive ei bedrift er det viktig med god oversikt. Ved å arbeide målretta med Business Model Canvas får ein nettopp det. Dei tilsette i Atheno kan delta i ein slik prosess med deg. Atheno garanterer overraskingar, betre oversikt, og at det vil gjere deg og bedrifta di betre rusta til å oppnå gode resultat.

Atheno har også ansvar for førstelinjearbeidet innan næring på Stord, Bømlo, Sveio og Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

Workshop
I Atheno har ein lang erfaring med å skreddarsy workshops for kundane sine behov og målsetnader. Felles er at ein nyttar kreative metodar for å avklare mål, skape nye idear og motivasjon for vidare strategiarbeid.

Atheno har dei siste åra gjennomført workshops for avdelingar i store nasjonale konsern, festivalar, reiselivsbedrifter, gründerbedrifter og nettverksorganisasjonar i den maritime næringa for å nemna noko.

Atheno skreddarsyr gjerne ein workshop for deg og di bedrift om du ynskjer det!  For meir informasjon sjå www.atheno.no