Båt Havnahuset2

Fitjar kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Fitjar kommunestyre handsama i sak PS 95/23, den 12.12.2023, budsjett 2024 og økonomiplan 2024 - 2027 for Fitjar kommune.  

Det vert då vedteke prisar på vederlag og eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. 

 

Folketrygda sitt grunnbeløp finn du her

 

Satsar for 2024

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

• Personretta tenester (heimesjukepleie)

• Avlasting

• Støttekontakt


Praktisk bistand(heimehjelp)

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 230,- per mnd.,

uansett timetal.


Brukarar med nettoinntekt over 2G betalar etter abonnement.

Timeprisen er fastsett til kr. 499,- på alle abonnement. Ingen tenester skal kosta

over kr. 499,- per time. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time.
 

Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt

før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som

mottek hjelp, vil inntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren

si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er

barnet som mottek hjelpa.

 

InntektsnivåSats 2024
Nettoinntekt under 2 GKr 230,- pr. mnd.
Nettoinntekt 2 - 3 GAbonnement kr 1 998,-/mnd
Nettoinntekt 3 - 4 GAbonnement kr 2 997,-/mnd
Nettoinntekt 4 - 5 GAbonnement kr 3 996,-/mnd
Nettoinntekt over 5 GAbonnement kr 4 996,-/mnd


Middags-levering/utkøyring.

• Middag utan dessert, vanleg porsjon kr 108,-.

• Middag med dessert, vanleg porsjon kr 122,-.

• Middag utan dessert, liten porsjon kr 81,-.

• Middag med dessert, liten porsjon kr 100,-.

• Ekstra dessert / Suppe kr 17,-.


Prisar matlevering til Havnahuset

• Ingredienser til å lage kvelds laurdagar. Pris: kr 49,- pr. person.

• Rømmegraut og spekemat på 17 mai, jonsok, jul/påske. Pris: kr 93,- pr.

person.

• Ingrediensar til smørbrød i høgtider. Pris: kr 55,-.

• Kaffimat laurdag/sundag/heilagdagar/bursdag. Pris: kr 28,- pr. person.


Havnahuset bu -og servicesenter (heildøgnsomsorg)

• Personretta tenester (heimesjukepleie), ingen eigenbetaling.

• Praktisk bistand/heimehjelp, sjå lista over.

• Mat, sjå lista over.

• Vask av tøy i vaskeri: kr. 580,- per mnd.


Tryggleiksalarm:

• Leige Kr. 362,- pr. månad.

 

Institusjon

Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:


1. Korttidsopphald/Rehabiliteringsopphald

Døgnopphald i institusjon frå 01.01.2024, kr. 193,- pr. døgn.

Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.


2. Langtidsopphald

 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.


3. Avlastingsopphald

 Ingen eigenbetaling for opphald.


Dagtilbod for personar med demens og andre eldre (på FBB)

• Kr. 208,- pr. dag (inkludert middag)


Korttidsopphald i KAD/ØH avdeling, er fritekne for eigendel


Eigendel på behandling hjå kommunal fysioterapeut.

Frå 01.01.2017 vart det vedteke i Stortinget å kunne ta eigenandel på

pasientbehandling også hjå kommunefysioterapeut. Eigendelane vil verta

fakturert til brukarane. Kommunen sender melding til HELFO så desse vert registrerte på dykkar eigenandelskort 2.