Ordinær SFO gjeldande frå 01.08.2024:
T.o.m. 10 timar pr. veke: kr 1.770,- pr. md.
T.o.m. 12 timar pr. veke: kr .2030,- pr. md.
T.o.m. 14 timar pr. veke: kr 2.262,- pr. md.
T.o.m. 16 timar pr. veke: kr 2.464,- pr. md.
T.o.m. 18 timar pr. veke: kr 2.770,- pr. md.
T.o.m. 20 timar pr. veke: kr 3.079,- pr. md.
Over 20 timar pr. veke: kr 3.388,- pr. md.
Det vert kravd betaling for 11 månader, halv sats for august og juni. Fitjar kommunestyre kan innføra gebyr på papirfaktura.
Kjøp av plass på SFO einskilddagar:
Frå 1. januar 2023 vert dagsprisen for å nytta SFO på einskilddagar kr 370,-.
Prøveordning med ferie ope SFO vert gjeldande for skuleåret 2024/2025. Ein melde seg på for kva veke. Tilbodet vil vere:
- Haustferie veke 41
- Vinterferie veke 9
- Veka etter skuleslutt
Tilbodet vil vere for alle barn med SFO plass, og tilbodet vert på Rimbareid skule.
Pris for prøveordning ferieope SFO:
- For 1.-3.trinn 1.100,- per veka med fråtrekk for 12 t gratis kjernetid
- For 4.trinn 1.500,- per veka
Det vert ikkje gitt SFO tilbod frå 1. august til skuleårstart.
Vedtekter og betalingssatar for SFO gjeldande frå 01.08.2024 finn du her.
Rett til 12 timar gratis SFO / gratis kjernetid
Våren 2023 vart det forskriftsfesta at kommunane skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. og 2. trinn for elevar som har SFO-tilbod. Sjå forskrift til opplæringslova § 1B-4.
I statsbudsjettet for 2024 vart det vedtatt at ordninga skal utvidast til òg å omfatta elevar på 3. trinn. Forskrifta er på høyring og endring er venta å tre i kraft med verknad frå august 2024. Med atterhald om at forskriftsendringa blir vedtatt, utvidar Fitjar kommune tilbod om 12 timar gratis SFO/ gratis kjernetid til òg å omfatta elevar på 3. trinn. Om forskriftsendringa ikkje blir vedtatt, vil me ta kontakt med foreldre på 3. trinn og informera om kva tilbod/prisar som skal gjelda.
Ta kontakt med din skule for å høyre korleis dei praktiserer gratis kjernetid for 1., 2. og 3.trinn.
Redusert foreldrebetaling i SFO
Det er vedteke endringar i forskrift til opplæringslova om moderasjonsordningar i SFO jf. Forskrift om foreldrebetaling.
- Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Gjeld elevar med plass i SFO i 1. og 2. trinn. Grunnlaget for å søkja om redusert foreldrebetaling er at foreldrebetalinga for eit hushald, ikkje skal overstige meir enn maksimalt seks prosent av familien si samla inntekt. Betaling for eventuell kost kan koma i tillegg.
- Gratis SFO-tilbod for barn med særskilde behov i 5. -7. trinn. Betaling for eventuell kost kan koma i tillegg.
Søknad om redusert foreldrebetaling
Vedtak om redusert foreldrebetaling kan bli innvilga etter søknad frå føresette. Søknaden sender de til Skulekontoret i Fitjar kommune. Søknadsskjema finn du i søknadsportalen til Fitjar kommune.
For søknaden gjeld følgjande:
- Foreldrebetaling skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige inntekt. Både person- og kapitalinntekt skal reknast med.
- Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert
- Søkar legg inn siste års samla person- og kapitalinntekt i søknadsskjemaet. Fitjar kommune kan, utan hinder av teieplikta, innhenta grunnlaget for siste året, jf. Skattefvf. § 3-3-1 andre ledd bokstav a.
Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova. Kommunen er klageinstans.
Fitjar kommune som skuleeigar vil ta ei skjønsvurdering ved fastsetjing av foreldrebetaling.
- Vedtak vert gjort for gjeldande skuleår.
- Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Iverksetjing er frå første betalingsmånad etter at vedtaket er fatta.