Handsaming i kommunestyret
Kommunestyret har i møtet 14.12.2022, sak 64/22 – Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026, vedteke følgjande satsar for eigedomsskatt for 2023:
- Skattesats for næringseigedomar: 6,0 promille
- Skattesats for andre eigedomar: 2,0 promille
- Botnfrådrag for bustad del av eigedomar (inkl. fritidseigedomar): kr 350 000
Kommunestyret har vedteke følgjande fritak for 2023:
- I samsvar med eigedomsskattelova §7b er bygning av historisk verdi – definert som bygning registrert i Kulturminneplanen kategori A, B og C – . For desse bygningane kan det søkjast om årleg fritak for eigedomsskatten dersom statusen i kulturminneplanen set særlege avgrensingar for bygningen.
- Bustadhus (ikkje hytter) som er inntil 5 år gamle, skal ha halv eigedomsskatt.
Eigedomskatten vert handsama på økonomiavdelinga og vert fakturert saman med dei kommunale avgiftene. Eigedomsskatten skal for 2023 betalast i fire terminar. (Eigedomar med årleg eigedomsskatt under kr 1 000,- vil få ein årleg faktura).
Rammer og retningsliner for taksering 2021 - 2030
På denne lenken finn du rammer og retningsliner for taksering 2021 - 2030
Kontaktinformasjon til eigedomsskattekontoret er:
Telefon 53 45 85 00
E-post: eigedomsskatt@fitjar.kommune.no
Klager på takst/retting av feil
Klage over eigedomsskattetaksten fastsett ved kommunal takst kan fremjast kvart år i samband med årleg utskriving av eigedomskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag som tidlegare år, jfr § 19 i eigedomsskattelova. Klaga må gjevast skrifteleg, innan seks veker frå det tidspunkt det er kunngjort at eigedomsskattelistene er lagt ut. Klage vert å senda til eigedomsskatt@fitjar.kommune.no.
Alternativt per post til Fitjar kommune, Eigedomsskattekontoret , postboks 83, 5418 Fitjar.
Takst frå skatteetaten:
Dersom det er feil i grunnlaget hos skatteetaten (gjeld bustadar) må det sendast endringsmelding til skatteetaten om dette. Meir informasjon om endringsmelding og frister for levering av desse finn du på skatteetaten si nettside.
Lov om eigedomsskattelov finn du her
Skattelister
Her finn du skattelista for 2023. Skattelista ligg ute til offentleg ettersyn fram til 15. april 2023.
Kulturminne - Søknad
- Kommunestyret har vedteke at bygg som er bygd i 1920 eller tidlegare, som har kategori A i kulturminneplanen skal gjevast fritak etter § 7b. Eigarar av slike bygg fyller ut søknaden «Søknad om fritak for eigedomsskatt grunna kulturminne»
- Kommunestyret har også vedteke at bygg i kategori S i kulturminneplanen får fritak.
- For å komme inn i kategorien S, må det søkjast om endring av kategori i kulturminneplan
- Vurderingsvilkår for slik flytting skal vera at dei har kulturhistorisk verdi (at bygget er sjeldan, estetiske vurderingar eller historisk status).
- For å komme inn i kategorien S, må det søkjast om endring av kategori i kulturminneplan
Objekt som kan søkjast inn i ny kategori S er:
- Bygg med kategori B i KMP, og er bygd før 1920
- Bygg med kategori A i KMP, men bygd etter 1920
For å søkje om endring til kategori S fyller ein ut skjema «søknad om endring av kategori i kulturminneplanen»
Søknadsfrist er sett til 15. april 2024
Kulturminneplanen finn de her