Kva gjer eg ved ein viltpåkøyrsel?

  1. Ring politiet (02800)
  2. Oppgi tid og stad for påkøyrsel. Få ein så nøyaktig plassering som mogleg. Bruk gjerne GPS (Google maps, etc.)
  3. Beskriv type dyr, og om det var fleire dyr saman
  4. Kan du seie noko om kva skade som er påført dyret?
  5. Om dyret har sprunge vidare - forsøk å legge merke til kva retning det sprang i
  6. Bli på plassen til ettersøksekvipasje kjem
  7. Om du ikkje har mogelegheit til å bli på plassen kan du merke av kollisjonsstaden med plastpose e.l.

Dødt vilt som ligg i vegkanten kan meldast inn til Statens Vegvesen på telefon 175.

For andre henvendingar om fallvilt kan du kontakte viltforvaltinga:

534 58 500 tasteval 3