Kvar?
Oppstart på Fitjar Helsestasjon 13. februar 2025.
Kurset har 8 samlingar, torsdagar kl. 15.00 - 16.30 (ikkje i vinterferien, veke 9)
Kva?
Ynskjer du å bli meir bevisst på å sjå, tolke og møte behova til barnet ditt?
Vil du bli bevisst eigne haldningar, kjensler og handlingar i samspelet?
Då passer kurset for deg!
Kurset hjelper deg til å meistra foreldrerolla, og stimulerer til sunn utvikling og god psykisk helse hjå borna.
Det vil fremje trygg tilknytning og gode relasjoner.
Korleis?
Kurset føregår i foreldregrupper.
Gjennom filmmateriale og refleksjon, lærer de korleis de kan støtte barnet sitt behov for beskyttelse og omsorg, og behovet for å utforske og meistre verda.
Kven?
Kurset passer for omsorgspersonar med born mellom 10 månader og 6 år.
Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko særskilt for å delta.
Kom enten saman (de må då ordne barnepass) eller kvar for dykk.
Informasjon/påmelding:
Kurshaldarar: Laura E. Økland Hevrøy og Liv Kari Hatlevik Tverderøy
Meir informasjon finn ein på nettsidene:
https://www.folkOm.no/barn
Circle of Security International -- Connection - YouTube
For spørsmål eller påmelding, kontakt Familierettleiar Liv Kari H. Tverderøy
E-post livtve@fitjar.no eller tlf/sms 90175238
Påmelding innan 7. februar 2025
Ver gjerne tidleg ute med påmelding då det er begrensa antal plasser.
Det er gratis å delta.