Kva er familievern?

Dei fleste kan kjenne seg igjen i at familielivet ikkje alltid blir slik ein hadde tenkt på førehand. Familievernet er ein nasjonalt teneste for deg som kan ha nytte av litt ekstra støtte og hjelp.

Alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien kan få tilbod om behandling og rådgjeving frå familievernet. På familievernkontoret møter du blant annet psykologar og sosionomar med videreutdanning i familieterapi.

  • Familievernet krev ikkje tilvising frå lege eller liknande. 
  • Du tar sjølv kontakt for å gjere ein avtale med ditt familievernkontor
  • Det er gratis å nytta seg av tenesta. 
  • Me har teieplikt

Familievernkontoret på Stord dekker kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord, Sveio og Tysnes.

Tilbod hjå familievernkontoret

Familievernet tilbyr behandling og rådgjeving til alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Familievernkontoret tar imot einskildpersonar, par og familiar.

Familievernkontoret utfører også mekling, som er obligatorisk ved samlivsbrot for foreldre med felles barn under 16 år. Ordninga er etablert med omsyn til barna, og skal hjelpe foreldra å lage samværsavtale og etablere eit godt foreldresamarbeid for å iverate barnas beste.

  • Parterapi
  • Mekling ved samlivsbrot
  • Parsamtalar, familiesamtalar og individualsamtalar
  • Samtaletilbod til barn
  • Rettleiing til foreldre
  • Kurs og grupper

Les meir om familievernkontoret her