Om barnehagen
Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken, med hovudinngang frå parkeringsplassen ved Fitjar idrettspark.
Barnehagen har tre avdelingar, småbarnsavdelinga Sommarfuglen med 12 plassar for barn i alderen 0-2 år, Marihøna med 24 plassar for barn i alderen 2-4 år og Blåklokka med 24 plassar for barn i alderen 4-6 år. Vi har tilbod om 100% plass.
Barnehagen har 18 tilsette fordelt på 14,2 årsverk + 2 tilsette (1,58 årsverk ) for barn med ekstra tilrettelegging. Av dei tilsette er 8 barnehagelærarar, 6 barne- og ungdomsarbeidar og 4 assistentar. Barnehagen har 12,8 store barn pr pedagog (pedagognorma er 14 store barn) og 5,8 barn pr. vaksen (bemanningsnorma krev 6 barn pr vaksen).
Nærområde: Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken, nært opp til Rossneset trivselspark. I Rossneset har vi lavvo og her er fint turområde som blir mykje nytta. Me har nettopp kjøpt oss lette hengekøyer som borna kan kvila i på tur. Uteleikeplassen blei oppgradert sommaren 2019 med nytt klatrestativ og gummibarkdekke på ein del av området. Her har me også grillhytte og gapahuk, reiler mm.
Kosthold: Borna får servert tre måltid i løpet av dagen: frukost, lunsj og etter middags-mat/frukt. Varm lunsj ei gong i veka.
Satsingsområde
- Formål: Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf og er tilknytt Fitjar kyrkje. I ein barnehage med utvida kristen formål vil fagområdet «Etikk, religion og filosofi» ha større plass enn i dei fleste andre barnehagar. Det vil seia at me legg stor vekt på dei kristne høgtidene og at enkle bibelske forteljingar og kristne barnesongar/bordvers har sin naturlege plass i barnehagekvardagen. Me har jamleg besøk av prest og kyrkjelydspedagog og samarbeider om påske og pinsevandring i kyrkja.
- Vennskapsbarnehage: Me starta opp vennskapsbarnehageprosjektet i 2009 og har sidan den gong vore vennskapsbarnehage med Stefanusborna i Kairo. Samarbeidet blir administrert av Stefanusalliansen. På Vennskapsfesten i november har me julespel og utlodding der inntekta går til vennskapsbarnehagen vår.
- Kommunikasjon og språk: «Språksprell» er eit metodisk opplegg for språkstimulering. Opplegget legg vekt på ordrytme, rim og regler, rimord osb. «Språkkista» inneheld plansjar, spel, bøker og anna språkmateriell. Me har eit nært samarbeid med biblioteket.
- Sosial kompetanse: Me tek del i kompetansehevingsprogrammet «Være Sammen» som består av faglitteratur for tilsette/foreldre og barnebøker og anna materiell om vennskap/sosial kompetanse.
- Førskulegruppe: Me fylgjer «Plan for førskulegruppa i Bakken barnehage». Denne planen legg vekt på skuleførebuande tema og aktivitetar, og er laga etter samarbeidsmøte med skulen. Dessutan har Fitjar kommune utarbeidd «Frå eldst til yngst»- plan for overgang barnehage-skule i Fitjar kommune.
- Kosthald/ernæring: Borna får servert tre måltid i løpet av dagen: frukost, lunsj og etter middags-mat/frukt. Varm lunsj ei gong i veka.