Aktivitetstilbod

Fitjar kommune har fleire tilbod som ein kallar «Aktive saman» for heimebuande eldre.

  1. Aktivitetstilbod.
    Dette er ei ordning som skjer i samarbeid mellom kommunen, Fitjar frivilligsentral og Fitjar vidaregåande skule.  Dei personane som ynskjer tilbod om aktivitet, får besøk av elevar ved helsefag på skulen.  Målet er å finne på gode aktivitetar og koma ut i saman med andre for å hindre einsemd og isolasjon. 
     
  2. «Godtrimmen» eit treningstilbod i gruppe med andre eldre.  Tilbodet vert drive av Fitjar frivilligsentral.
    Tilbodet handlar om fallførebyggjande styrketrening, og målet er at dei som deltar skal bli sterkare i muskelgrupper som er viktige for både sitjefunksjon, gangfunksjon og balanse, samt at ein skal komme seg opp/ned frå golv, opp frå stol/seng.  Dei som har motivasjon til å delta på fallførebyggjande trening, vil oppleva betra balanse, styrke og smidigheit.  Det overordna målet er å halda eldre såpass friske at dei har bra og deira psykiske/fysiske funksjonsevne gjer at dei kan bu i eigen heime så lenge som mogleg. 
    I tillegg  bidreg denne vekentlege samlinga til sosialt fellesskap og hyggje med kaffestund.
     
  3. Måltidsfellesskap:  
    Her kan ein bestille middag og få den servert i eit fellesskap ved Fitjar seniorsenter sine lokale i Fitjar kultur- og idrettsbygg.  Tilbodet gjeld 1 gong pr. veke og er i samarbeid mellom kommunen i og  frivilligsentralen.  Maten vert henta ved sjukeheimskjøkenet og servert av frivillige (flest seniorer) i seniorlokalene ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Dei frivillige et saman med gjestene.
    Dette måltidsfellesskapet skal sikre at dei eldre har ei god og trygg sosial arena, for det viktigaste og største måltidet i løpet av dagen.
    Menneska  et meir når dei saman i måltidsfellesskap.  Det er fokus  på ernæringsrike og varierte middagar ved desse samlingane. 

Dei som får bringa middag heim frå kommunen kan gjerne vurdera å "flytta med seg" maten til seniorsenteret denne dagen.

For meir info om ulike tilbod sjå Brosjyre - Aktiv Senior i Fitjar