Kven kan søkje om innsats frå teamet?
Førebyggjande tiltaksteam skal bistå barn og familiar som strevar over tid og det går ut over daglege og fritids aktivitetar.
Døme på utfordringar i barns liv som kan vere relevante
- Angst åtferd
- Reguleringsvanskar som har føregått over tid
- Skulevegring
- Barn med funksjonsfall
Kva innsats kan teamet tilby?
Tilbodet er retta mot familiar som har uro knytt til psykisk helse og utfordringar i relasjonar mellom barn og føresette/andre vaksne.
Tilbodet kan omfatte for eksempel rettleiing til føresette eller støtte samtalar.
Korleis ta kontakt?
Her finn du lenkje til søknadsskjemaet og meir informasjon
Søknad om tiltak - Førebyggjande tiltaksteam for barn og unge - fitjar (skjema.no)