Lovheimel

Opplæringslova § 2-6 

«Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole. Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.»

Følgjande delar av opplæringslova har særleg relevans for forskrift om krinsgrenser: 

§ 2-1 Rett til grunnskuleopplæring 
§ 2-2 Plikt til grunnskuleopplæring 
§ 12-1 Retten til eit trygt og godt skulemiljø 
§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skulemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt) 
§ 12-7 Det fysiske miljøet

Krinsgrenser i Fitjar kommune

Kva som ligg i nærskuleprinsippet vert utdjupa i merknadar i Ot. prop nr 46: 

«Vurdering av kva for skole som er nærmast, skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal også ta omsyn til andre relevante forhold, til dømes om sysken er plassert på den same skolen, kapasiteten på skolane og om skolevegen er farleg.” 

For dei 3 skulane i kommunen er det ryddige forhold i høve til kva for ein skule ein soknar til: 

  • Selevik - Geografiske tilhøve som grenselina mot Stord kommune i sør og enden på vegen mot Westerheim i nord legg ramma for det området som soknar til Selevik skule. 
  • Øvrebygda - Her kan det vera meir rom for tolkingar, men lang historie og praksis syner at elevane frå Aarbø og Helland nord har Øvrebygda skule som sin nærskule. 
  • Rimbareid - Elevar frå Tveita og Synningjo går til Rimbareid skule. For ungdomsskulen er det heile kommunen som soknar til Rimbareid skule då me berre har ein ungdomsskule i kommunen.

Tildeling av skuleplass

I Fitjar kommune kan føresette søkje om plass ved ein anna skule enn nærskulen. Skulane sin kapasitet og prognose for elevtal blir lagt til grunn for inntak. I krinsgrensane til skular der elevprognosane visar ei forventning til kapsistetsutfordringar må skulane gjennomføre ein meir restriktiv praksis knytt til fritt skuleval.

Følgjande moment kan vere relevante i vurderinga: 

  1. Eventuelle godkjenningsvedtak gitt i medhald av Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular, og Opplæringslova § 12-2. 
  2. Det totale talet på klassar og elevar ved skulen. 
  3. Talet på elevar i den aktuelle klassen, på det aktuelle trinnet og storleiken på aktuelle rom. 
  4. Talet på rom på skulen, inkludert spesialrom, grupperom og liknande. 
  5. Ei vurdering av kva type rom som kan brukast til ordinær undervisning. 
  6. Skulen sin bruk av den totale kapasiteten av rom gjennom veka («romtimeplan»). 
  7. Om skulen har vurdert høve for ein eller fleire klassar utan fast klasserom, såkalla «vandreklassar» eller «satellittklassar». 
  8. Om skulen har vurdert høve til å bruke 0. eller 7. time, eventuell anna forskyving av skuledagen, ein eller fleire dagar i veka. 
  9. Om skulen legg opp til spesielle undervisningsmetodar som stiller større krav til bruk av areal.

Barnets beste

Vi skal ta omsyn til barnets beste, men omsynet treng ikkje vere avgjerande for utfallet i saka.

Fritt skuleval

Fitjar kommune legg til grunn at søknadar frå føresette om plass ved ein anna skule enn den eleven soknar til, blir behandla på ein slik måte at det sikrar best mogleg ivaretaking av foreldreretten og den individuelle retten til å velje skule, og at dette skjer innanfor gjeldande lovar, rammer og nødvendig fellesskapsomsyn.

Skuleskyss

For elevar som vel ein anna skule enn nærskulen vil skyssutgiftene normalt måtte dekkast av eleven sine føresette.

Rutine for søknad og klagehandsaming

Søknad om skuleplass på annan skule enn nærskulen eller den skulen eleven soknar til (fritt skuleval) skal sendast til nærskulen. Rektor på nærskulen tar kontakt med den aktuelle skulen for å undersøke om det er plass. Har rektor plass, sender den nye skulen vedtak om skuleplass. 

Klage på vedtak skal sendast til skulen. Rektor kan gi medhald, eller sende klagen til Fitjar kommune v/ etatssjef for oppvekst. Om etatssjef ikkje gir medhald i klagen, blir den sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd. 

Dersom det kjem fram av klagen eller måling av avstand mellom de to skulane at klagen skal behandlast etter reglane om nærskule, skal klagen òg sendast til skulen. Skulen skriv ei grunngiving for kvifor eleven ikkje kan få plass, jf. punkta i kapittel 4, og sender saka vidare til Fitjar kommune v/ etatssjef for oppvekst. Om etatssjef ikkje gir medhald i klagen, blir den sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Sakshandsamingsrutinar

Tildeling av skuleplass er eit enkeltvedtak og skal behandlast etter reglane i forvaltningslova. Ved tildeling av skuleplass må det mellom anna gjerast klart at det er klagerett på vedtaket. Klage på tildelt skuleplass skal behandlast etter § 2-6 første ledd i Opplæringslova, som seier at eleven har rett på skuleplass på nærskulen eller den skulen eleven soknar til. 

Føresette kan søke om at ein elev får plass på ein annan skule enn nærskulen. Ein har ikkje rett til å få plass på ein annan skule, men ein søknad skal behandlast etter reglane i forvaltningslova. Det er òg klagerett på avslag om skuleplass på ein annan skule enn nærskulen. Klage vil bli behandla etter reglane om nærskuleprinsippet eller reglane om fritt skuleval. 

Avstand frå heimen til dei aktuelle skulane og argumenta i klagen vil vere avgjerande for kven av disse to heimlane i Opplæringslova klagen blir handsama etter. 

Klagebehandlinga vil difor skje 6 etter dei reglane som gjeld, uavhengig av om føresette har søkt om skuleplass på ein annan skule eller om dei har klaga på at eleven ikkje har fått plass på nærskulen sin.