Fuktskader og muggsoppvekst i innemiljøet kan gje helseplager som luftvegsinfeksjonar, allergiske reaksjoner og utløysing av astma. Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at synleg mugg og mugglukt ikkje skal forekomme. Det same gjeld for fukt- og råteskader.
Fuktskadar kan skuldast byggtekniske årsakar som lekkasjar og kondensproblem, og det kan vera bruksmessige årsakar som skapar høg luftfuktigheit i innemiljøet.Tørking av tøy innandørs, hyppig og langvarig dusjing og ein del matlaging tilfører innemiljøet fukt. Du kan redusera og førebyggja høg fuktigheit i innemiljøet ved å sørge for god ventilasjon, utlufting med glas og tilstrekkeleg tilførsel av varme.
Ved fuktskadar og muggsoppvekst tilrår me at ein raskt finn og utbetrar skaden, framfor å investera i dyre inneklimamålingar.
På FHI sine heimesider finn du meir informasjon om fukt og mugg.