Kommunal fysioterapeut

Kommunen har 1 kommunal fysioterapeut i 90% stilling, som har kontor på Havnahuset.

Det kan vere eigenandel hos kommunal fysioterapeut som har refusjonsrett frå HELFO. Dette går på eigenandelstak 2. Barn under 16 år og bebuarar på sjukeheimen betalar ikkje for kommunal fysioterapi. Ein kan ta direkte kontakt med kommunal fysioterapeut ved behov.

Den kommunal fysioterapeuten sine oppgåver er:

  • Undersøkingar, funksjonsutgreiingar, motorisk vurdering, utforming og oppfølging av tiltak, behandling, rehabilitering.
  • Koordinator for IP, delta på møte og arbeid med IP samt BTI.
  • Kvardagsrehabiliteringsteam
  • Vurdere behov for, og søkje hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, samt være kontaktperson for NAV i kommunen.
  • Helsestasjonsarbeid med 4 månadarskontrollar, barselinformasjon på barselgruppene samt fysioterapi til barn over kortere perioder.
  • Fysioterapi til barn og vaksne med varig funksjonsnedsettelse.
  • Fysioterapi til bebuarar på Fitjar Bu- og Behandlingssenter
  • Fysioterapi til heimebuande.
  • Vegleiing av samarbeidande personale i barnehage, skule, sjukeheim, heimesjukepleie m.m.
  • Palliativ fysioterapi
  • Delta i interkommunalt Lærings- og Mestringsnettverk.
  • Delta i førebyggjande helsearbeid blant vaksne.
  • Delta i utgreiing og planarbeid
  • Delta på tverrfaglige møter i kommunen.

Private fysioterapeutar med driftstilskot

Kommunen har 3 fysioterapeutar med driftstilskot og refusjonsrett frå HELFO. 2 held til i Fitjar kultur- og idrettsbygg og 1 held til i Larsen-bygget.

Du treng ikkje lenger rekvisisjon frå lege til behandling hos fysioterapeut. Ein må betale eigendel (unntak er barn under 16 år, og personar med godkjent yrkesskade)

Dei private fysioterapeutane skal ta seg av dei oppgåvene som primært ikkje ligg inn under kommunefysioterapeuten sitt hovudområde; til dømes

  • Undersøkingar 
  • Funksjonsutgreiingar/motorisk vurdering 
  • Utforming og oppfølging av tiltak 
  • Behandling
  • ​Rehabilitering 

Ergoterapitenesta

Fitjar kommune har 1 kommunal ergoterapeut i 50% stilling, som har kontor på Havnahuset.

Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne vera aktive i eigen kvardag og har fokus på å finna meiningsfulle aktivitetar for den enkelte brukar. Ein har fokus på brukaren sine eigne ressursar og avgrensingar for å utføra ein aktivitet i større grad enn årsak til utfordringane (funksjonsfall/sjukdom). Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt.

Ergoterapeuten

  • Er meir opptatt av løysingar enn av problem
  • Ynskjer å vite kva som er viktig i livet ditt
  • Undersøkjer og vurderer funksjonane dine, det du ynskjer å gjere og omgivnadene dine
  • Formidlar og tilpassar tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • Legg til rette dei fysiske omgivnadene i heimen, i barnehagen og på skulen

Ofte ynskjer personar med aktivitetsutfordringar hjelpemiddel, men ofte finnes det andre løysningar som er meir hensiktsmessig for personens situasjon, derfor ynskjer ergoterapeut å besøke dei som har behov for tenesta i deira daglegdagse omgjevnader eller kor aktivitetane som det er utfordringar med utførast.

Målgruppe
Alle barn, unge, vaksne og eldre som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.

Kriterium/vilkår
Kommunen vil gjere ei tverrfagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi. Tenesta er gratis.

Den kommunale ergoterapeuten sine oppgåver er:

  • Aktivitet i dagleglivet (ADL):
    Rådgiving ifht småhjelpemiddel, meistringsstrategiar ifht påkledning, måltid og stell.
     
  • Aktivitetsregulering og energiøkonomisering: 
    Balanse mellom aktivitet og kvile.
  • Bustadtilpassing:
    Tilkomst bustad/rampe, omgivelseskontroll, bad/dusj/badekar/toalett/stellebord, seng, takheis/annan heis, hev/senkbare innredninger.
     
  • Bustadrådgivning:
    Bustadkartlegging, samarbeid husbank/entreprenørar/arkitekt.
     
  • Bil og biltilpassing:
    Kartlegging og utforming av funksjonsvurdering til bil. Førebu saker til bilkontoret på nav. Bilsete, grep, gir og andre tilpassingar.
     
  • Ergonomi:
    Skrivebordsplater/underarmsstøtte, skrivebord, arbeidsstol.
     
  • Kommunikasjon/kognisjon/varsling:
    Talehjelpemiddel, hukommelseshjelpemiddel, hjelpemiddel for planlegging og strukturering av dagen, flexiblinkanlegg og IR-anlegg til TV ifht høyrselshemma, kalendrar.
     
  • Forflytningshjelpemiddel: 
    Elektrisk og manuell rullestol mm.
     
  • Aktivitetshjelpemiddel:
    Sansestimulerande leiker, husker, kjelke/akebrett, sykkel.
     
  • Barnehage/skule/avlastning: 
    Tilpassing av omgjevnadane i samarbeid med personalet
     
  • Sansetap: 
    Tilrettelegging for syn- og høyrselshemma. Kompensere for syns- og høyrselstap med hjelpemiddel. Samtalar med andre instansar til dømes syns og audiopedagogisk teneste