Informasjon om hjelpemiddel, utlån mv.

Bruk av hjelpemiddel kan kompensera for, eller erstatta noko av tapt/nedsett funksjon.
Det vil alltid vera viktig å vurdera om bruk av hjelpemiddel vil kunna hemma eller fremja funksjon og mogelege aktivitetar for ein person. Dette for å forebygge ytterlegare tap av funksjon, sidan bruk av hjelpemiddel kan påverke utføring av aktivitetar på fleire plan.

Det finst mange ulike typar hjelpemiddel, og mange hjelpemiddel fungerer ofte godt saman:
ADL hjelpemiddel = Aids for daily living, det vil seie hjelpemiddel for klare seg i dagleglivet. Ein kan nemna ulike hjelpemiddel som lettar dagleglivet, t.d. støtte håndtak på vegg, spisebestikk, kjøkkenutstyr, gripetenger, krykker, toalettforhøyer, dusjstol osb.
Vidare så har ein hjelpemiddel til for flytting, rollatorer, stavar, rullestol

Kommunen har lager for korttids utlån, hjå heimetenestene, og dekkjer opp for ADL hjelpemiddel. Også akutte kortsiktige behov, i påvente av at søknad om langtidsleige vert handsama hjå NAV hjelpemiddelsentralen

NAV hjelpemiddelsentralen

Her må dei som har trong for meir varige behov for hjelpemiddel søkje. Kommunal fysioterapeut (event heimesjukepleien) hjelper med søknad.
Det kan også søkjast NAV om større hjelpemiddel, som treng installering så som trappeheis, rampar osb.
Det finst også utstyr som går på særskilte behov, ringjesignal anlegg for høyrslehemma,  synsutstyr spesifikt retta mot synshemma.

Omsorgsteknologiske hjelpemiddel

Fitjar kommune kan og tilby Omsorgsteknologiske hjelpemiddel så som: Lokaliseringsteknologi (GPS), Digitale tryggleiksalarmar, Epilepsi-alarm, Elektroniske medisindipensarar, og ulike formar for Digitale tilsyn.

Informasjon om trygghetsalarm og røyksensor

Per i dag får alle som får tryggleiksalarm i kommunen, og som ikkje bur i omsorgsbustad, montert 1 røyksensor som er kopla til tryggleiksalarmen (og dermed til responssenteret). 

Ein kan søkje om tryggleiksalarm via kommunens nettside eller fysisk søknadsskjema ved behov for tryggleiksalarm. Dette er ei betalingsteneste.
Dersom ein KUN har behov for røyksensor, ikkje tryggleiksalarm, må ein kjøpe dette sjølv. 

Søknadsskjema

Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester finn du her.
Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester kan du også laste ned her.

 

 

Hørselskontakt:

Fitjar kommune har ikkje hørselskontakt. Du må då ta kontakt med din fastlege.