Kommunen søkjer etter 3 stik helsefagarbeidar/miljøarbeidar i 16,9% fast stilling ved Havnahuset i eining for Habilitering.  Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.

Havnahuset, eining for habilitering består av 7 leilegheiter i eit bufellesskap der det bur  personar med ulike hjelpebehov. Bakken Dagtilbod vert og driven frå Havnahuset, så stillinga inneber og arbeid på dagtilbodet.

Me søkjer etter deg som:

  • Anna relevant utdanning på fagarbeider nivå kan og søkje
  • Studentar kan og søkje
  • Du har evne til å formidla ro og fred rundt deg
  • Er praktisk anlagt, kreativ, evne til å ta varierte arbeidsoppgåver
  • Har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring og
  • har interesse for å skape eit godt samarbeid mellom bebuar, pårørande og tilsette
  • Er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet
  • Er reflektert og løysningsorientert
  • Er genuint opptatt av å gje innhald og meining i dagane for tenestemottakarane våre
  • Likar å vere aktiv saman med bebuarane
  • Har sertifikat på bil, manuell gir

Det er ønskjeleg med røynsle frå arbeid i liknande bufellesskap og arbeidstilbod Personlege eignahet vil verte vektlagt

Arbeidsoppgåver:

  • Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål, samt følgje i dagtilbod.
  • Oppfølging av medikament og helse.

På dagtilbodet vil ein vera med å utføre praktisk arbeid saman med tenestemottakar. Arbeidsoppgåver som snekkerarbeid, arbeid med ved, finverkstad m.m 

Fitjar Kommune kan tilby :

  • Løn etter tariff
  • Variert og spannande arbeidskvardag
  • God forsikring-og pensjonsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • God vegleiing, og opplæring

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.  
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta einingsleiar Lillian Kongestøl Vik tlf: 974 66 296.

Søknadsfrist er sett til 05.07.2022.  Me ber deg nytta vår elektroniske søknadsportal