ID 918 Planavdelinga i Fitjar kommune søkjer etter sommervikar for 2024
Planavdelinga i Fitjar kommune søkjer etter sommervikar for 2024.
Me arbeider med digitalisering av gamle reguleringsplanar, og søker etter nokon som kan bidra med dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
- Digitalisera eldre reguleringsplanar der plankart i dag berre finst på papir.
- Leggja inn digitaliserte reguleringsplanar i kommunen sin forvaltningsbase.
- Ajourføra planregisteret (me nyttar arealplaner.no).
Kommunen nyttar Gisline (Norkart), og me vil gje opplæring. Den som vert tilsett må kunna starta medio juni 2024. Me har behov for sommarvikar i kring 6 veker.
Kvalifikasjonar:
- Kunnskap om og erfaring med bruk av kart og GIS, gjerne frå studium. Du må vera kjend med og kunna nytta digitale kartprogram.
- Kunnskap om plansystemet og plan- og bygningslova.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å jobba sjølvstendig og nøyaktig
- Punktleg og påliteleg
- Medverka til eit godt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vil verta vektlagd
Søknadsfrist: 1. mai 2024.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.