BU-midlar til investering og utvikling i landbruket

Beskrivelse

Ønskjer du å investere i eller vidareutvikle landbruksbedrifta di, kan du søkje om bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) frå Innovasjon Norge.

BU-midlar blir avsette over jordbruksavtalen og skal leggje til rette for:

  • næringsutvikling i landbruket
  • desentralisert busetjing
  • eit variert landbruk i heile landet
  • like moglegheiter for kvinner og menn

BU-midlar kan givast som tilskot til:

  • Etablering av tilleggsnæring utanom tradisjonelt landbruk
  • Vidareutvikling av tilleggsnæring
  • Investeringar (til dømes til opprusting og nyinvestering i driftsbygning og produksjonsanlegg)
  • Investering i økologisk fruktdyrking
  • Generasjonsskifte (til dømes nødvendige tiltak i driftsbygningar) dersom du som tar over er under 35 år

Statsforvaltaren i fylket utarbeider den regionale strategien for BU-midlane. Strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som blir utarbeidde av distriktskontora til Innovasjon Norge.

Målgruppe

Eigar av:

  • landbrukseigedom
  • registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket
Vilkår

Du må vere eigar av landbrukseigedommen eller føretaket for å kunne søkje om BU-midlar. Søknaden blir vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.

Du kan ikkje få tilskot dersom du:

  • har starta tiltaket før søknaden om tilskot er avgjord
  • ønskjer å utføre tiltak på landbrukseigedom som er heilt eigd og driven av stat, fylke eller kommune
Lover
Veiledning

Du fyller ut søknad om BU-midlar elektronisk i Innovasjon Norges søknadsportal. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp med søknaden.

For raskast mogeleg behandling er det svært viktig at alle nødvendige vedlegg følgjer med søknaden. Oversikt over desse finn du i søknadsskjemaet.

Saksbehandling

Søknaden blir send over til kommunen som sjekkar at all nødvendig informasjon er med. Kommunen gjer ei vurdering av søknaden i forhold til:

  • dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.
  • aktuelle lover, som til dømes plan- og bygningslova
  • kommunale planar

Kommunen gir deretter si fråsegn før søknaden blir send vidare til Innovasjon Norges distriktskontor. Du vil få ein kopi av fråsegna til kommunen på e-post.

Innovasjon Norge avgjer deretter saka, og har fullmakt til å fastsetje ytterlegare krav til søknaden eller setje vilkår for utbetalinga.

Etter utbetalt tilskot, kan Innovasjon Norge føre tilsyn med at midlane blir brukte slik det var tenkt, og kan derfor be om innsyn i rekneskap og dokumentasjon som gjeld tilskotet. Dei kan òg gjennomføre fysiske kontrollar på næringseigedommen.

Dersom du har gitt feil opplysningar i søknaden eller dersom du ikkje overheld vilkåra som er sette, kan du måtte betale tilbake heile eller delar av tilskotet.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda Innovasjon Norge har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til Innovasjon Norges distriktskontor som behandla søknaden. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender distriktskontoret klagen din vidare til Innovasjon Norges klagenemnd.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Bedriftsetablering, bedrift, etablering, etableringsmidlar, bygdeutvikling, bygdeutviklingsmidlar, etableringstilskot, generasjonsskifte, produksjonsstøtte, jordbruk, skogbruk, landbruk, jordbruksmaskinar, skogbruksmaskinar, landbruksmaskinar, økologisk, gardsbutikk, besøksgard, fruktdyrking, fruktproduksjon, driftsbygning, gardsturisme, næringsutvikling, gründer, bonde, gardbrukar, gardsbruk, bondegard, farm, småbruk, småbrukar, farmar, odel, odelsgut, odelsjente, næringsdrivande, næringseigedom, føretak, tilleggsnæring, investere, investering, bedriftsutvikling, nyinvestering

DebugView   v2