Kunnskapsprøva
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 18.03.2021 18:55:14 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Kunnskapsprøva [description] =>Skal du ha dagleg ansvar for sal eller skjenking av alkohol, må du ta ein kunnskapsprøve i alkohollova. Både styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven før verksemda kan få alkoholløyve. Blir du tilsett som styrar eller avløysar i ei verksemd som allereie har løyve, må du bestå kunnskapsprøven før du startar i stillinga.
Det er forskjellig prøve for høvesvis sals- og skjenkeløyve. Du må bestå prøven for den typen løyve som verksemda søkjer om eller har, for å bli godkjend som styrar eller avløysar.
Kunnskapsprøven i alkohollova er ein nettbasert fleirvalsprøve som du tar i lokala til kommunen. Prøven omfattar 30 spørsmål. Til kvart spørsmål er det tre svaralternativ, og eitt av desse er rett. For å bestå prøven må du svare rett på minst 24 av spørsmåla. Du vil få 60 minutt til å svare på prøven. Det er ikkje lov med andre hjelpemiddel enn ordbok.
[audience] =>Styrar og avløysar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkeløyve for alkohol.
Er du tilknytt ei verksemd med statleg skjenkeløyve (skip, tog, fly, forsvarets befalsmesser), kontaktar du Statsforvaltaren i fylket for å ta kunnskapsprøven.
[conditions] =>Når du skal ta prøven, må du ha med:
- legitimasjon
- kvittering for betalt gebyr
Du må ha fylt 20 år for å bli godkjend som styrar eller avløysar og ha uklanderleg vandel etter alkohollova og vedtekter i andre lover som har samanheng med formålet til alkohollova.
[related] =>Det kostar kr 400,- å ta kunnskapsprøven. Du må betale gebyret før du går opp til prøven. Om du ikkje består prøven, må du betale nytt gebyr for ny prøve.
[legislation] =>Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drykk kap. 5 (Kunnskapsprøve)
Alkohollova § 1-7c (Styrer og stedfortreder)
Du tar kunnskapsprøven i den kommunen der sals- eller serveringsverksemda ligg.
Du skaffar deg nødvendig kunnskap ved å lese lova med tilhøyrande forskrift:
- Prøve for skjenkeløyve – du må ha kunnskapar om innhaldet i vedtektene i kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 i alkohollova og kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14 i alkoholforskrifta. Vidare bør du ha kjennskap til dei andre vedtektene i alkohollova.
- Prøve for salsløyve – du må ha kunnskapar om innhaldet i vedtektene i kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 i alkohollova og kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14 i alkoholforskrifta. Vidare bør du ha kjennskap til dei andre vedtektene i alkohollova.
Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at du har meldt deg opp. Når du har bestått kunnskapsprøven, skriv kommunen ut eit bevis. Dette er dokumentasjon på at du har den kunnskapen om alkohollovgivinga som er nødvendig for å ha dagleg ansvar for sal eller skjenking av alkohol. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
[appeal] =>Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven på nytt dersom du ikkje består. Du må betale nytt gebyr for å ta ny prøve.
[other] =>Du finn informasjon om kunnskapsprøven på Helsedirektoratets temaside.
[topics] => bedrift, eksamen, servering, alkohol, sal, skjenkjing, dagleg leiar, styrar, innbytar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis, løyve, verksemd, pub, restaurant, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, hotell, pensjonat, dansestad )Template: