Vaksinar

Beskrivelse

Du får tilbod om vaksine mot smittsame sjukdommar av helsetenesta i kommunen. Målet med vaksinasjon er å gjere deg immun utan den risikoen det inneber å gjennomgå sjølve sjukdommen.

Kommunen har desse tilboda:

Barnevaksinasjon

Barnevaksinasjon skjer på helsestasjonen og i skolehelsetenesta. Vaksinasjonen startar vanlegvis når barnet er 6 veker gammalt og følgjer det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet. Alle nybakte foreldre vil bli kontakta av helsestasjonen i kommunen og få tilbod om å delta i barnevaksinasjonsprogrammet. I tillegg blir vaksine mot kikhoste tilboden til gravide i veke 24 for å hindre alvorleg sjukdom hos spedbarnet

Vaksinasjon mot sesonginfluensa

Vaksinasjon mot sesonginfluensa er tilrådd dersom du:

  • er 65 år eller eldre
  • bur i omsorgsbustad eller sjukeheim
  • er gravid frå 12. svangerskapsveke
  • har sjukdom eller diagnosar som gjer deg særleg utsett
  • arbeider i helsesektoren med pasientkontakt

Ta kontakt med fastlegen din for å få vaksinen. Bur du i omsorgsbustad eller sjukeheim, vil du få tilbod om vaksinen der. Du bør ta vaksinen årleg i perioden september – november.

Reisevaksinasjon

Tilbod om reisevaksinasjon og råd om vaksinar før utanlandsreiser får du av helsetenesta i kommunen. Type vaksine blir fastsett ut frå reisemål, smittesituasjon, kor lenge reisa varer, type reise, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus. Folkehelseinstituttet har laga ei samleside med råd om kva reisevaksiner du bør ta.

Annan vaksinasjon av vaksne

Du kan vende deg til helsetenesta i kommunen ved behov for:

  • Oppfriskingsvaksinar frå barnevaksinasjonsprogrammet
  • Vaksinar frå barnevaksinasjonsprogrammet dersom du ikkje har fått desse tidlegare
  • Vaksinar ved graviditet
  • Vaksinar til eldre over 65 år og personar i risikogrupper (f.eks. pneumokokkvaksine, hepatittvaksinar, BCG)

Vaksinasjon ved pandemi

Ved eit ev. utbrot av pandemi, vil helsetenesta i kommunen sørgje for vaksinasjon. Folkehelseinstituttet gir retningslinjer om kven som skal få tilbod om vaksine.

Målgruppe

Personar med behov for vern mot smittsame sjukdommar.

Lover
Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til helsestasjonen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
smittevern, difteri, kikhoste, polio, meslingar, kusma, raude hundar, livmorhalskreft, hepatitt B, BCG, DTP, Hib, PKV, DT, MMR, HPV, reisevaksine, kolera, malaria, rabies, tyfus, gulfeber, hjernehinnebetennelse

DebugView   v2