Interkommunalt samarbeid
Sunnhordland interkommunale miljøverk IKS er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar,
Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, og har hovudkontor i Stord kommune.
Kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland samarbeider om Krisesenter Vest IKS
Stord, Fitjar og Bømlo samarbeider om Sunnhordland interkommunale legevakt IKS
Stord kommune er vertskommune for Sunnhordland interkommunale barnevern
Friluftsrådet Vest er eit interkommunalt organ for kommunene Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Kvinnherad.
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er eit selskap eigd av 32 kommunar i Vestland
Driftsassistansen for Hordaland IKS er eit kompetansesenter for vatn- og avløpstenester.
Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) er ein organisasjon som samarbeider om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå.
Fitjar kommune er med i Sunnhordland interkommunale innkjøpsordning
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionområdet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes
Vest- brann og redningsregion (VBR) er eit langsiktig, fagleg samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen i 18 kommunar i bergensregionen.
Samhandlingsavtaler med Helse Fonna
Etter helse- og omsorgstjenesteloven skal kommunane inngå samhandlingsavtalar med helseføretaket dei soknar til. Fitjar kommune har inngått avtalar med Helse Fonna.
Les samhandlingsavtalane her.
Forsking og utvikling
Fitjar kommune samarbeider med 17 andre kommunar, Helse Fonna og Høgskulen Stord/Haugesund om ei FoU-eining innan helse og omsorg.
Les meir på nettstaden til FoU-eining for samhandling