Kva er barnehagemynde?
Barnehagelova ligg til grunn for barnehagemynde. Lova gjeld for alle barnehageeigarar, både kommunale og private.
Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane drivast i samsvar med regelverket.
Barnehagemynde har tre verkemidlar til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning.
Barnehagemynde sine oppgåver
- Barnehageopptak
- Fatte vedtak om godkjenning av barnehagar
- Behandle dispensasjonssøknadar
- Finansiere private barnehagar
- Andre mynde oppgåver som føl av lov om barnehage med forskriftar
Barnehagemynde kan gje pålegg om å rette opp ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjende eller godkjenningspliktige verksemder. Dette skal sikre barn sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane.
Å sjå til etterleving av regelverket inneber både å vurdere risiko for brot på lov om barnehage med forskrifter, og plikt til å bruke verkemidlane så barnehageeigar sin praksis samsvarar med regelverket.
Barnehagemynde si rolle
For å ivareta rettstryggleiken til alle barnehageeigarane i Fitjar kommune og sikre legitimiteten av arbeidet, er kommunen si eigarrolle i barnehagesektoren adskilt frå mynderolla.
Barnehagemynde er dei private barnehagane si kontakt inn mot kommunen sin administrasjon.