Oppdatering om koronasituasjonen pr. 20.11.2020

Me kan med glede melda om at det ikkje er registrert nye smittetilfelle i Fitjar sidan 13. november. 
Kommunen si kriseleiing vil takka for at det vert drive godt smittevern på alle plan i bygda vår.  Me ser at det gode arbeidet gjev resultat, og oppmodar difor alle til å vera like flinke framover.   

I denne bølga av pandemien er det til no påvist 9 koronasmitta i Fitjar.  Sidan i vår har me til saman hatt 18. tilfelle. 

Nedanfor kan du sjå aktuell informasjon frå Fitjar kommune. Informasjonen vert oppdatert dersom kommunen har nytt å melda om pandemien. 

Koronasenteret for Fitjar og Stord har adresse Ringvegen 24 på Heiane, og er å treffa på tlf.  53 49 66 66 i tidsrommet 08:30 - 15:00 alle kvardager.

Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/sundag vert telefonen ruta til legevakta 116 117 som kan hjelpa til med rådgjeving.

Du kan og avtala time digitalt ved å fylgja denne lenka: https://helseboka.app/b/s/171934

Sentralen tek seg av testing, smittesporing og rettleiing i tilknytning til dette.

Smittevernlegen i Fitjar har den 20.11. fatta nytt vedtak etter smittevernlova.

Desse reglane skal fylgjast:

  • Det vert forbod mot  alle offentlege arrangement med over 50 deltakarar
  • Treningssenter skal ha to meter avstand mellom brukarane.
  • Fitjar vidaregåande skule skal gå til gult smittvernnivå frå måndag 23.11.20
  • Besøkande på sjukeheimen (FBB) skal bruka munnbind og to meter avstand til andre (maks. ein person om gongen)
  • Bassenget på Rimbareid skule vert opna for offentleg bading.  Skulesymjing vil og gå som normalt.

Vedtaket gjeld for perioden 23.11.20 – 07.12.20

Kommunen opprettheld smittvernvedtaket om karantene i 10 dagar for tilsette i helsetenesta og for barn i barnehage og skulen som har vore i utlandet.

Nasjonal regel som skal fylgjast:

  • Private samankomstar på offentleg stad, eller i leigde eller lånte lokale, skal ha ei grense på maksimalt 20 deltakarar.

Meir informasjon finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/feiringer-sammenkomster-og-arrangementer/

Tiltaka nedanfor har status som anbefalingar, men dei er svært viktige i kampen mot pandemien.  Difor ber me så sterkt me kan om at dei vert følgde.

I Fitjar føl me i utgangspunktet nasjonale karantenereglar: https://www.helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon/

Smittevernlegen vil i tillegg oppmoda innbyggjarane om å følgja desse råda:

  • Gå i sjølvpålagt karantene dersom du har luftvegssymptom og syt for å teste deg.
  • Har du luftvegssymptom så reduser kontakt med andre, og skriv ned kven du var i kontakt med siste to dagar før symptom og framover.
  • Dersom eit medlem i husstanden din har luftvegssymptom og er testa, bør heile huslyden i karantene til prøvesvaret kjem.

Grunnleggjande smittevern er enkle og effektive tiltak:

  • Handvask
  • Spriting av hender og overflatar
  • Avstand på minimum ein meter 
  • Ver heime dersom du er sjuk
  • Ha få nærkontaktar og unngå unødvendige reiser innanlands ( sjå råd frå nasjonale styresmakter)

Sosiale samankomstar:

  • Alle private og offentlege arrangement som kan utsetjast, bør utsetjast.
  • Unngå sosiale samankomstar om du kan
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemmer.

Idrett- og kulturarrangement:

  • Trening- og kulturaktivitetar innad i Fitjar kommune kan i hovudsak gå føre seg som no, men me rår sterkt  ifrå at lag frå Fitjar møter lag frå andre kommunar.
  • Lag og organisasjonar vert oppmoda om å følgja med på sine hovudorganisasjonar sine retningslinjer.
  • ​Me rår frå å ha  arrangement med mykje nærkontakt eller mange kontaktflater.

Kommunale tenester:

  • Besøksrestriksjonar som gjeld  på sjukeheimen vert og tilrådd på Havnahuset og andre omsorgsbustader i kommunen.
  • Fitjar kommune informerer om endring i våre tenester gjennom heimesida eller ordinære kanalar (t.d. skule-heim)

Hjerte.png