Fitjar kommune har gjort grundige risiko- og sårbarhetsanalysar og fastlagt beredskapsplanar for krisesituasjonar. Det føreligg i tillegg handlingsplanar for ulike hendingar som kan skje i kommunen.  Kommunedirektøren og kriseleiinga koordinerer kommunen sine samla ressursar i dei tilfellene der hendingar utfordrar lokalsamfunnet.

Trykk her for vakttelefonar

Kommunestyret har vedteke følgjande mål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Fitjar kommune:

  1. Førebyggjande og risikoreduserande tiltak skal gjera Fitjar kommune til eit tryggare samfunn.
  2. Fitjar kommune skal ha oppdaterte planar og jamlege kriseøvingar for å redusera konsekvensar av hendingar.
  3. Fitjar kommune skal leggja planar for i størst mogleg grad å halde oppe drift av samfunnskritiske tenester i krisesituasjonar.

I samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland og nabokommunane held Fitjar kommune jamnlege øvingar, både knytt til kriseleiinga og driftsorganisasjonen. Gjennom slike øvingar sikrar kommunen at planar er oppdaterte og aktørar trente.

I ekstraordinære situasjonar krevst heilskapleg koordinering av dei kommunale ressursane. I slike situasjonar kallar kommunedirektøren saman kriseleiinga. Medan ordføraren har hovudansvaret for ekstern kommunikasjon, har kommunedirektøren ansvaret som kriseleiar. Kriseleiinga består i tillegg av assisterande kommunedirektør, helse- og omsorgssjef, skule- og oppvekstsjef, brannsjef og kultur- og informasjonssjef. Kundetorget har ansvar for loggføring.