Landøyda er ei fleirårig plante som er giftig for folk, storfe og hest. Den veks langs grøfter, vegar og skogkantar og i eng og beite. Landøyda er giftig både når den er fersk og tørka. Planta spreiar seg og det er difor viktig å vere merksam på kva som kan gjerast.

Enkeltplantar kan lukast vekk med hanskar og bli kasta i restavfall. Større førekomstar kan kuttast før frøsetting og hivast i restavfall. Sjå faktaark for meir informasjon:  

Faktaark-landoyda-juni-2022-NLR-Rogaland.pdf

 

Foto: Aase R. Nøttveit

Landøyda1_596x439_455x601.jpeg     Landøyda 2_455x341.jpeg