Legane ved legesenteret:

 

  • Anne Lise Haukås, fastlege og kommuneoverlege
  • Hein Petersen, fastlege. Også vikar for Grunde W. Jørandli
  • Grunde Woll Jørandli, fastlege i “Nordsjøturnus” - Permisjon til 17.08.2025. Er på legesenteret veke: 38, 39, 44 , 45, 50 og 51.
  • Alina-Irina Bumbar, fastlege i “Nordsjøturnus” - er på legesenteret veke 24, 25, 30, 31, 36, 37, 42, 43, 48 og 49
  • Jorid Fadnes, fastlege i “Nordsjøturnus", startar 18.08.2025. Er på legesenteret veke: 34, 35, 40, 41, 46, 47, 52 og 1
  • Kathrine Kaaris, vikarlege - 02.06.2025 til 15.08.2025
  • LIS1 Amrit Kaur Virdee

Jorid Fadnes startar som ny fastlege i rotasjonsordning i Fitjar kommune 18. august 2025. 


Når du ringer til legesenteret og skal bestille deg ein time, får du som oftast nokre spørsmål frå oss.  Grunnen til at me stiller deg desse spørsmåla, er for å høyre kor mykje timen hastar. Me har begrensa med ledige timar dei nærmaste dagane, og då må me prioritere kor me set den enkelte opp på time.
 

Har du fått ny fastlege som går i Nordsjøturnus?
Legane er på legekontoret i 2 veker, der dei jobbar lengre vakter kor dei også har pasientkonsultasjonar etter kl. 15.00.  Deretter har dei 4 veker der dei ikkje er på kontoret. 

Ordinære kontrollar og anna som ikkje hastar, kan planleggast til når fastlegen er på kontoret. Du kan få akuttime hos ein av dei andre legane dersom det er naudsynt. Reseptar kan fornyast som normalt på helsenorge.no
Førarkortattest er ikkje ei prioritert medisinsk oppgåve og det kan vera lang ventetid på time for dette i periodar.

Helsenorge - Helserespons

Du kan og bestille time og faste reseptar via Helsenorge.no

Helsenorge er den offentlege helseportalen for innbyggjarar i Noreg. Her loggar ein inn med BankID eller Buypass. Ein må opne for Digital Dialog på Helsenorge for å kunne kommunisere med legesenteret via denne løysinga.

Per i dag kan alle som har fastlege eller vikarlege ved Fitjar legesenter, bestille timar, fornye reseptar og kontakte legesenteret for andre henvendingar via Helsenorge. Det er ikkje lenger mulig å nytte Helserespons.

Akutte henvendingar/sjukdom og timebestillinga, må framleis gjerast via telefon.

Ein oppmodar flest mogleg av pasientane ved Fitjar legesenter til å ta i bruk Helsenorge.no.

Har du fått melding om at du ikkje lenger har fastlege på Fitjar?

Dersom du har hatt fastlege på Fitjar, og har fått melding om at du ikkje lenger har lege, høyrer du framleis til fastlegetenesta i Fitjar. 

For tida er det fast legevikar i desse stillingane. Fitjar kommune arbeider med å få faste tilsette inn i desse stillingane!
 

Informasjon om vaksine


 

                       Foto: M. Ytrearne