Les varselet, følg rådet Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. No får vi Nødvarsel. Det betyr at om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit varsel med viktig informasjon på mobiltelefonen din. Nødvarselet består av ein kort tekst som forteldeg kva som skjer og kva du bør gjere. For å fange merksemda di, vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel, skal du lese varselet og følge rådet. Ei teneste frå styresmaktene
| Nødvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar som med høg lyd gjev signal om at du må oppsøkje informasjon. Under ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som for eksempel på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium. Les meir på nodvarsel.no
|
Meir informasjon kan ein finne her: nodvarsel.no
Informasjonsfilmer om NØDVARSEL:
Engelsk, arabisk, litauisk, polsk, russisk, somali, spansk, ukranisk