Kriseteamet kan ved større krisehending tilby krisehjelp til einskildpersonar eller familienettverk, også andre grupper når dei involverte opplever å ha behov for fagleg hjelp og støtte gjennom ei krise. Når barn er involverte kan også helsesøster delta i kriseteamarbeidet.
Kriseteamet kan også tiltre utanom kontortid dersom det er behov for det. Teamet inngår ikkje i vaktordning, og må utanom kontortid kontaktast gjennom legevakt, politi, vakthavande prest eller kommunal kriseleiing.