Ny lovpålagt oppgåve frå 01.07.22

 

Stortinget vedtok 7. juni 2021 ny § 3-9 b i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (hol.), om etablering av rådgjevande einingar i kommunane.  

Ny § 3-9 b frå 1. juli 2022 lyder:

Kommunen skal ha en rådgivende enhet for russaker. Denne enheten skal ha ansvaret for å møte personer når oppmøte for enheten er satt som vilkår for en bestemt strafferettslig reaksjon, inkludert gjennomføre ruskontroll etter straffeloven § 37 første ledd bokstav d dersom det er satt som vilkår.

Departementet kan gi nærmere forskrifter om den rådgivende enheten, blant annet om organisering og tjenestens innhold, inkludert formidling til og samhandling med andre tjenester og om kommunens behandling av opplysninger i slike saker.

Oppgåver knytt til rådgjevande eining for russaker 

Eininga si primære oppgåve er å gje oppfølging, råd og vegleiing til personar som er ilagt møteplikt, samt utføre ruskontroll dersom dette er sett som vilkår. 

Organisering i Fitjar kommune

Den rådgjevande eininga for russaker i kommunen kan organiserast slik kommunen sjølv finn det føremålstenleg. I Fitjar kommune er den lagt til NAV Fitjar der ruskonsulentane får ansvar for oppfølging, råd og vegleiing. Samt praktiske gjennomføringa av rustestar.

 

Meir informasjon:

Endringer i helse- og omsorgstjenesteloven og straffeloven m.m.

Lov om endringer i straffeloven - Lovdata