Treng ditt barn ein stad å vere før og etter skuletid, kan du melde barnet på SFO, som er fritidsordninga til skulen. På SFO får barnet ein trygg opphaldsplass med omsorgsfulle vaksne rundt seg. Her kan barnet leike både ute og inne, og ta det i kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa sitt behov. 

Målgruppe

SFO er eit frivillig tilbod til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn. Mange skular tilbyr også SFO i skoleferiar og på planleggingsdagar. Opningstida varierer frå skule til skule. Nokre skular tilbyr både heiltids- og deltidsplass.

  • Elevar i grunnskulen sitt 1.-4.trinn
  • Elevar med særskilde behov i grunnskulen sitt 1.-7.trinn​

Vilkår

Barnet må vere elev ved skulen. Kommunen pliktar å tilby skulefritidsordning, men kan ha eigne opptakskriterier. 

Skulefritidsordning på den einskilde skule

Ansvarleg for SFO på kvar skule er rektor ved skulen, men SFO har og ein pedagogisk leiar.

Rimbareid SFO held til i skulen sine nye lokalar til 1. klasse.  Opningstid: Om morgonen frå kl 06:45.  Etter skuletid fram til kl 16.15.  Dette tilbodet føl skuleruta.

Selevik SFO held til i skulen sine lokalar.  Opningstid: Om morgenen frå kl 07.00.  Etter skuletid fram til kl 16.00.

Øvrebygda SFO held til i skulen sine lokalar.  Opningstid: Om morgenen frå kl 07.00.  Etter skuletid fram til kl 16.00.

Rett til 12 timar gratis SFO / gratis kjernetid

Hausten 2022 vart det forskriftsfesta at kommunane skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. trinn for elevar som har SFO-tilbod. Sjå forskrift til opplæringslova § 1B-4.

I statsbudsjettet for 2023 vart det vedtatt at ordninga skal utvidast til òg å omfatta elevar på 2. trinn. 

Fitjar kommune utvida då tilbod om 12 timar gratis SFO/ gratis kjernetid til òg å omfatta elevar på 2. trinn. 

Frå hausten 2024 vert dette tilbodet utvida til å også gjelde 3.klassingar. 

Ferie ope SFO tilbod

For skuleåret 2024/2025 skal Fitjar kommune teste ut ferie ope SFO tilbod i haust- og vinterfeire, samt siste veka etter skuleslutt. Det er påmelding til ordninga i eiga skjema. Det er mogleg å velge ei eller fleire veker.

For å velge ferie ope SFO søkjer ein på eige skjema, skjema finn du her. 

Pris for ordninga kjem utanom vanleg SFO tilbod, men vil vere med 12 timar gratis kjernetid for 1.-3.trinn.
Pris vil komme i løpet av april.  

Tilbodet om ferie ope SFO vil vere lokalisert på Rimbareid skule for alle som søkjer. 

Frist for å søkje vil vere 01.05.2024. 

Søknadsskjema og satsar

Søknadsskjema for skuleåret 2024/2025 vert tilgjengeleg frå 15. mars 2024.

Nytt frå komande skuleår er at ein kan melda seg på ferieopen SFO.

Søknaden om plass i SFO skal sendast via søknadsskjema nedanfor innan 15.april kvart år.  

  • Det er 2 mnd oppseiing av plassen.

Linken ovanfor kan nyttast når du søkjer, skal søkja om endra opphaldstid og ved oppsigelse.

Vedtekter og betalingssatser for SFO finn du her  PDF document ODT document

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å melde barnet ditt på SFO. Ta kontakt med administrasjonen på skulen du ynskjer plass på. 

Sakshandsaming og klageagang

Påmeldinga di skal behandlast så snart som mogeleg. Dersom svar på påmeldinga ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

Er du misnøgd med avgjerda, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Er du misnøgd med SFO-tilbodet, kan du ta dette opp med den som er ansvarleg for SFO. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.