Fitjar kommune føl nasjonale retningsliner for smittevern i samband med koronapandemien. Dersom naudsynt kan kommunen også innføre lokale retningsliner i samarbeid med smittevernlege.
Lag og organisasjonar har sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på gjeldande nasjonale og lokale retningsliner. Dette er særskild viktig ved arrangement, møteverksemd og anna aktivitet som kan føre til smittespreiing av Covid 19.
Dersom kommunen innfører lokale retningsliner som avviker frå dei nasjonale, vert desse publisert på kommunen si heimeside.
-I følgande lenker finn du retningsliner for smittevern for lag og organisasjonar:
https://www.frivillighetnorge.no/politikk/koronaveileder
-Det er lagt restriksjonar på tal på deltakarar for ulike arrangement:
NB! Fleirbrukshus som t.d. kulturhus, bedehus og liknande som inneheld fleire ulike lokale, skal ein til ei kvar tid ha oversikt over kor mange brukarar det finst totalt i heile lokaliteten. Talet på brukarar skal til saman ikkje overstige grensa som er oppgitt i nasjonale retningsliner.
https://helsenorge.no/koronavirus/feiringer-sammenkomster-og-arrangementer
-Arrangørar, frivillige og deltakarar i aktivitetar skal ha god hygiene og følgje folkehelseinsitututtet sine råd om håndhygiene, hostehygiene, bruk av munnbind og reingjering:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/renhold-og-hygiene/
Følg med på nettsida for oppdatert informasjon!