Foreldre kan søkja om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime jf. Barnehagelova §31. Hjelpa kan fysisk knytast til barnehagar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan også gjevast av PPT eller ein annan sakkunnig instans.
Målgruppe
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving.
Kriterium / vilkår
For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp, må det liggja føre ei positiv Sakkunnig vurdering (Barnehageloven § 34) frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne vurderinga må visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, og kva for hjelp som bør gjevast.
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
For barn som har plass i barnehage, vil barnehagen til vanleg i januar / februar kvar vår, senda ut søknadsskjema. Barnehagen vil også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT.
Føreldre/føresette kan også kontakta PPT direkte dersom dei meiner at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
For evt. barn som ikkje har vore i barnehage, vil PPT så sant dei kjenner til barnet, syta for at sakshandsamar ved Utviklingsgruppa får nødvendige opplysningar.
Søknadene frå barnehagane vert deretter sendt samla over til etat for oppvekst og kultur.
Sakshandsaming
Sakshandsamar som har desse sakene vil gjera vedtak om evt. tildeling for samtlege førskulebarn. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og med kopi til aktuell barnehage.
Høve til å klage
I svarskrivet frå kommunen vil det verta gjeve nærare opplysningar om evt. klagerett, då det er Fylkesmannen i Hordaland ved Utdanningsavdelinga som er klageinstans for desse sakene.
Generell informasjon om innsyns- og klagerett.