Visjon

Me gir barna ein kvardag prega av trivsel, vennskap og leik. 

Overordna mål:

  • barn som viser respekt for seg sjøl og andre
  • gode minner om glede, trivsel og humor
  • robuste barn som taklar motstand, og kan stå opp for seg sjølv

Satsingsområde

Pedagogisk plattform:  

Som pedagogisk plattform vektlegg me basiskompetansen. Basiskompetanse er uttrykk for det barna har tileigna seg av grunnleggjande kompetanse for livet sitt. Sentralt i småbarnsalderen står utviklinga av kommunikasjonsevne i vid tyding og av sosial kompetanse , det vil sei evna til å kunne gå inn i leik og samspel med andre barn på ein positiv måte. Me snakkar då om utvikling av identitet og kompetanse som ein har behov for i dagleglivet saman med andre barn og med vaksne både i barnehagen og heime. 

Vurderingsområder: 

  • Garden og lokal matproduksjon. Læra meir om garden og kva mat den gir oss, samt prøve å jobba opp liv i plantekassane våre både inne i veksthuset og ute med fokus på berekraftig utvikling.  "Berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag, får dekt dei grunnleggjande behova sine utan å øydeleggje framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekt sine behov. Det handlar om å tenkjer og handle lokalt, nasjonalt og globalt"(Rammeplanen s. 10, 2017)
  • Overgangar. Me veit at barn treng føreseielege og trygge rammer for å ha eit godt grunnlag i utviklinga si. Me ynskjer å ha ekstra fokus på dette og bli enno betre i våre interne overgangar slik at me sikrar eit godt psykososialt barnehagemiljø for alle barn.

Vedtekter og årsplan

Vedtekter til barnehagen finn du her. 

Årsplanen til barnehagen finn du her.

Barnehageruta finn du her.