Tenestekontor

Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det vil sei at sakshandsamar tek imot søknader om alle typar pleie- og omsorgstenester:

Søknadar om tenester og/eller hjelpemiddel, skal sendast tenestekontoret. Søknadsskjema kan leverast elektronisk her, eller leverast/sendast tenestekontoret.  
Her kan du laste ned papirversjon av søknaden.                    
 

Startlån:
Tenestekontoret behandlar også søknader om startlån, både i forhold til kjøp av bustad og tilpassing av bustad.
Informasjon og søknadsskjema for startlån, finn du her:     

Koordinerande eining

Koordinerande eining er organisert som ein del av Tenestekontoret for helse og omsorgstenester i Fitjar kommune. Eininga har ansvar for vurdering og sakshandsaming av saker som gjeld heilskapleg rehabilitering og søknad om individuell plan. 

Koordinerande eining skal ha oversikt over koordinatorar og aktive individuelle planar. Eininga skal òg medverke til opplæring og rettleiing av personlege koordinatorar, bidra til tverrfagleg samarbeid på tvers av einingane, samt samarbeid med andre aktuelle instansar. 

Eininga skal ha oversikt over rehabiliteringstilbod i kommunen.