Kva er eit vald?

Eit vald er eit geografisk område der ein eller fleire grunneigarar har gått saman om å organisere jakt. For å få tildelt fellingsløyve må området vere godkjent som vald av kommunen, og oppfylle krava til minsteareal fastsett i lokal forskrift.

Fitjar kommune har i dag 15 godkjente vald som til saman utgjer om lag 90 000 dekar teljande areal.

Kva er eit bestandsplanområde?

Når fleire vald samarbeider om ein felles forvaltning av hjortestammen, kan dei danne eit bestandsplanområde. Dette gjer det mogleg å lage ein felles plan for talet på dyr som kan fellast, og kva slags dyr (kalv, kolle, bukk). Slike område får tildelt felles fellingskvote og må levere inn ein godkjend bestandsplan til kommunen.

I Fitjar er det:

  • Eit bestandsplanområde på 12 550 dekar, som omfattar fire vald

 

Kvifor er dette viktig?

Hjorten i Fitjar og Stord er del av ein samanhengande bestand. Han nyttar ulike område til ulike tider på året og trekkjer mellom kommunane. Eit godt samarbeid på tvers av vald og kommunegrenser gjev:

  • betre oversikt og kontroll med bestanden
  • meir målretta jakt
  • mindre risiko for beiteskadar og trafikkulukker
  • høgare kvalitet på hjortebestanden over tid

Slik søkjer du

Fristar for søknad og rapportering:

1. mai: Frist for å søkje om godkjenning eller endringar i vald og bestandsplanområde

15. juni: Kommunen godkjenner vald og sender ut fellingsløyve

 

Vil du starte vald eller lage bestandsplan?

Ta kontakt med kommunen for råd og rettleiing. Kommunen oppmodar til samarbeid og kan gje økonomisk støtte gjennom viltfondet til etablering av bestandsplanar.