Demens
På grunn av at det vert fleire eldre i Norge, auker også antalet med demens. Kunnskap er viktig for dei som lev med demens, deira pårørande, frivillige og helse- og omsorgspersonell.
Demens er ein kronisk, uhelbredelig tilstand som kjem av ulike sjukdommar eller skade i hjernen. Ved demens er prosessane i hjernen, som gjer at personen kan motta, bearbeida, lagra og uttrykka informasjon og utføra handlingar, forstyrra. Personen har ei kognitiv svikt. Ved demens påverkar den kognitive svikta evnen til å fungera i kvardagen.
Dersom daglegdagse oppgåver har blitt ei utfordring, skal ein ta symptoma på alvor. Som stadig å gløyma avtalar, kva nokon heiter eller kvar ting ligg. Evna til å konsentrera seg kan verta dårlegare og det kan vera vanskeleg å fullføra arbeidsoppgåver. For meir informasjon kan ein lese på aldring og helse si heimeside her.
Er du bekymra for eiga eller pårørande si kognitive helse kan ein i første omgang ta kontakt med fastlege, men ein kan også ta kontakt med hukommelseteamet i kommunen.
Om du har spørsmål om demens kan du også ringe demenslinja på telefon 23 12 00 40.
Teikn på demens
Teikn på demens kan blant anna vera:
- Nedsett kortidshukommelse
- Forvirring og nedsett orienteringsevne
- Problem med planlegging og gjennomføring av oppgåver
- Vanskar med å finne ord
- Endringar i humør og veremåte
- Vanskar med å lære nye ting
- Mindre initiativ og engasjement
- Forvirring med tanke på tid og stad
- Sveikka økonomisk dømmekraft