Foreldrerolla kan vera utfordrande for alle. Kanskje har du eit barn som strevar eller som du syns det er vanskeleg å forstå? Kanskje er du sjølv usikker og har ein eigen historie som påverkar deg i rolla som føresett? Eller kanskje du berre ønskjer meir kunnskap om korleis du kan forstå og møte barnet ditt betre?
Foreldrerettleiing har som mål å styrkja deg i foreldrerolla. For nokon barn har det stor betydning at du søkjer hjelp når det opplevast vanskeleg. Når du deltar i ei gruppe får du i tillegg, gjennom andres forteljingar, oppleve at du ikkje er åleine om å ha utfordringar du ønskjer hjelp til.
Tuning in to Teens (TINT) er eit gruppebasert foreldrerettleiingsprogram der hovudfokuset ligger i det emosjonelle bandet mellom foreldrene og ungdommen. Foreldra vert trent i å møte barnet sitt følelsesuttrykk med nærheit og forståing, og til å støtte sin eigen og tenåringens evne til sjølvregulering.
Tilbodet er for familiar med barn/ungdom på 10-17 år.
Gjennom TINT kan du lære meir om korleis du kan
- bli betre til å snakke med ungdommen din
- forstå ungdommen din betre
- hjelpe ungdommen din til å handtere sine følelsar
- forebygger åtferdsvanskar hos ungdommen din
- hjelpe ungdommen din med å handtere konfliktar
Ungdom som har en høgare emosjonell kompetanse:
- er meir oppmerksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande.
- har lettare for å handtere konfliktar og får lettare venner.
- handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristhet.
- har færre psykiske plager og utfordringar ift. rus
Når er det og kor mange kursdagar er det?
Kurset går over 6 gonger, 4 torsdager frå kl. 13:00-15:00/ 2 onsdager frå kl. 19:00-21:00, 2 timer kvar gong. Fitjar kommune skal starte opp med Tuning in to Teens grupper første veka etter haustferien. Det tilbys også individuell rettleiing dersom ønskelig.
Påmeldingsfrist: onsdag 27.09.23.
Vil du melde deg på, eller har du spørsmål kontakt:
Karen Marie Sætre E-post: karsat@fitjar.kommune.no
Miljørettleiar, NAV Fitjar Tlf: 938 62 515