Fitjar kommune nyttar varslingssystemet Varsling 24 for å varsle innbyggjarar om hendingar via SMS.

Varsling 24 varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Kva tid vert systemet brukt?
Kommunen informerer våre innbyggjarar digitalt ved hendingar der dette er formålstenleg.                                    

Det kan vera ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre tilhøve  som krev rask informasjon.
 

Korleis finn me deg?
Det vert nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Me rår deg til å leggja inn ditt mobiltelefonnummer og di epost-adresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen her, for eksempel angåande sjølvmeldinga. Oppdatering gjer du her:
    https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 
     
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter vert bedrifta som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som underenhet hjå Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/
     
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytta dersom du ynskjer å få varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på.
    Se https://varslemeg.no/
     
  4. Fritidseigedommar:
    Varsling 24 varslar fritidseigedommar med matrikkelkodar 16 og 17
  • 161 - Fritidsbygning (hytter, sommerhus o.l.)
  • 162 - Helårsbolig benyttet som fritidsbolig
  • 163 - Våningshus benyttet som fritidsbolig
  • 171 - Seterhus, sel, rorbu o.l.
  • 172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme

Det er eigarane av desse eigedommane som vert varsla. Er eigedommen festa, er det festar som vert varsla. Kontaktdata finn me som omtala under privatpersonar/bedrifter.

Har du ikkje blitt varsla?
1) Er du folkeregistrert på di adresse?

https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Hva kan du gjøre?
Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrere telefonnummeret ditt på di adresse i vårt Tilleggsregister. Husk å endre om du flyttar.
Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert nytta kun av din kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister her:
https://www.varslemeg.no
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder
Vårt Tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS vert sendt frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.
Eksempel:
           
Sjukehus og medisinske senter
            Alders- og sjukeheim
            Lege og tannlegar
            Barnehager og skular
            Næringsmiddelprodusentar
            Restaurantar og kafear

Registrer di verksemd i kommunen sitt Tilleggsregister:
https://www.varslemeg.no/
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)

Ofte stilte spørsmål

Korleis verkar varslinga?

Meldinga vert sendt som SMS til mobiltelefonar, evnt. epost eller ein automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding vert lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga vert du beden om å taste: 1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, 9 - dersom du ynskjer å høyra meldinga ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?
Me sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei aktuell adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Digitaliseringsdirektoratet sitt  kontaktregister/Altinn vil du verta varsla. 

Oppføringa di kan du sjekke ved å logge deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

Eg har hemmeleg nummer. Vil eg verta varsla?
Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Hvis du likevel ynskjer å få varsel frå din kommune, kan du gjera ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmelig nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?
varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelda born i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn.
  • Her kan du leggje til andre adresser du vil verta varsla for. Navn = den som bur på adressa du registrerer.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Vert alle på mi adresse varsla?
Alle einingar i eit burettslag eller sameige vert varsla viss du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som bruker Varsling 24?
Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei nyttar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?
På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadadresse som du er registrert med i «kontaktregister for offentlig forvaltning». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek en kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.