Følgjande risikogrupper er anbefalt influensavaksine:
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko, etter individuell vurdering av lege.
- Premature barn, særlegbarn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
- Personar over 65 år.
- Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim.
- Barn og vaksne med:
- Diabetes type 1 og 2
- Kronisk lungesjukdom, inkludert astma
- Hjarte- og karsjukdom, anna enn velregulert høgt blodtrykk
- Leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet
- Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell av vurdering av lege
Influensavaksine er i tillegg tilrådd til:
- Helsepersonell som har pasientkontakt.
- Personar som bur saman eller tilsvarande nære med immunsupprimerte pasientar.
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar - Saneringspersonale og andre som jobbar i fjørfenæringa.
Risikogrupper som er anbefalt koronavaksine:
- Aldersgruppa 18–64 år som inngåri risikogruppe.
- Aldersgruppa 65 år og eldre,og sjukeheimsbebuarar.
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3.trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko, etter individuell vurdering av lege.
- Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Aldersgruppen 6 måneder- 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering av lege.
- Gravide i 2. og 3 trimester. Vaksinasjon kan bli vurdert dersom den gravide har tilleggssjukdomar som medførar auka risiko.
Pneumokokkvaksine:
Viss ein vil ha Pneumokokkvaksine, må ein kontakte fastlegen sin og få ei vurdering om ein bør ha resept.
Ein må henta vaksina på apotek og apoteket tek betaling for utlevering.
Dei som er i risikogruppa kan få sett vaksinen på legesenteret og dette kostar kr. 200,-.
Vaksinen har omtrent dei same risikogruppene som influensavaksine, men ein treng berre å gjenta den kvar 6. år.
For innbyggjarar med fastlege i Fitjar kommune:
Influensa-, pneumokokk-, og
For timebestilling og evt spørsmål, ta kontakt med Fitjar legesenter på tlf. 534 57 190.
Time på legekontor kan også bestillast på Helsenorge via e-kontakt!
For innbyggjarar som ikkje har fastlege i Fitjar kommune:
Det er ikkje satt opp nye datoar for Drop-in vaksinasjonar før jul.
Ta kontakt med helsestasjonen på tlf. 480 48 730 dersom du har spørsmål.
Pris
Influensavaksine som blir satt i samband med legetime/kontroll på legekontor, belastast kun for materiell - kr 106,-, forutan normal konsultasjonstakst hos lege.
For vaksine utenom
Koronavaksine: blir tilbydd uten kostnad for risikopasientar.
Pneumokokk vaksine kan du kjøpa etter resept på apotek og evenuelt ta med til vaksinering.
Alle tre vaksinar kan setjast samtidig.
Pris for kun å få satt pneumokokkvaksine utan legetime eller samtidig annan vaksinering, er kr 200,-