Kven vil ha nytte av tablettar?
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:
- Dei som har alvorleg immunsvikt
- Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
- Alle som er over 80 år
Kva skal du gjere dersom du får luftvegssymptom?
Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.
Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.
Om sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.
Om testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.
Dersom symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.
Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona dersom:
- Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
- Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom. og
- Du er over 80 år
- Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.
Informasjon om vaksine