Pleie og omsorg
ID 976 - Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune
Fitjar kommune
Søknadsfrist: 28.02.2025
ID 972-975 Ferievikarer 2025 Pleie og omsorg
Fitjar kommune
Fortløpande tilsetjing
ID 971 Reinhaldar 50% fast stilling og vikar institusjonskjøkken
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadfrist 28.01.2025
ID 970 Institusjons-kokk 100% fast stilling
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: 31.01.2025
ID 969 Fritidskontakt - Har du litt tid til overs og lyst til å gjera noko verdifullt for andre?
Fitjar kommune
Søknadsfrist: Løpande
ID 952 Fastlege - Allmennlegespesialist og ALIS
Fitjar legesenter
Søknadsfrist: 19.januar 2025
ID 963 Sjukepleiar, helsefagarbeidar, assistent. INTERN utlysing. Midlertidig, jobbe i team
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: Løpande inntak til intervju
ID 911 Sjukepleiar 100 % fast stilling
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: Løpande inntak til intervju
Samfunnsutvikling og drift
ID 964 Einingsleiar for forvaltning 100%
Etat for samfunnsutvikling og drift, Forvaltning
Søknadsfrist: 28.01.2025
ID 977 prosjektleiar i 100% stilling, Rådgjevar, Ingeniør
Etat samfunnsutvikling og drift
Søknadsfrist: 28.01.2025
ID 921 Avlastningsheim til blid gut under 18 år
Fitjar kommune søkjer avlastingsheim til ein blid gut under 18 år med funksjonsnedsetjing som er glad i dyr, likar å sykle og elles delta på ulike aktivitetar.
Oppdraget gjeld 48 timar kvar 5 helg.
Me søkjer deg som:
- Er ein trygg og omsorgsfull vaksen
- Kan kommunisera godt og skapa gode relasjonar med born
- Har tid og overskot til å vera ein god rollemodell
- Har ein stabil livssituasjon og kan engasjera deg for borne over tid
- Ynskjer å gjera ein forskjell, og vera ein viktig person i nettverket til bornet
Arbeidsoppgåver:
- Hjelp og tilrettelegging ved daglege gjeremål og aktivitetar
- Bidra til å gje borne positive meistringsopplevingar
- Følgje opp innarbeide rutinar bornet har
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonskrav:
- Du er fylt 18 år
- Du er trygg på deg sjølv og kan setje grenser
- Du må ha tid og plass til eit ekstra born, samt forstå bornet sine ulike behov og reaksjonar
- Personleg eigenheit og erfaring med born vil bli vektlagt
- Avlastingsheim kan etablerast hjå einslege, par eller familiar med eigne born
- Avlastingsheimen må ha eit eige soverom som bornet kan disponera når det er der
- Du må ha førarkort og disponera bil
- Gode norskkunnskapar er viktig
- Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leggjast fram ved evt. tilbod om oppdrag
Me tilbyr:
Løn vert gitt etter til gjeldande særavtale for avlastar (SGS 1030)
Registrer søknad her: Ledig stilling - søknad - Fitjar kommune (skjema.no)
Ved spørsmål, kontakt Tenestekontoret på tlf. 457 22 314
ID 832 Fritidskontaktar for born, ungdom og vaksne
Fitjar kommune treng fleire fritidskontaktar til barn, unge og vaksne
Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld, helger eller dagtid. Timetalet kan variere frå 3-6 timar i veka. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.
Kvalifikasjonar:
- Du bør vere over 18 år og villig til å forplikte deg over tid
- Gode norskkunnskapar
- Du bør ha sertifikat
Personlege eigenskapar:
- Du ynskjer å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
- Du er ansvarsfull, tolmodig, fleksibel og kreativ
- Kunne sette grenser for deg sjøl, tjenestemottaker og evt.andre
Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera fritidskontakt.
Arbeidsoppgaver
- Legge til rette for at tjenestemottaker får ei meningsfull fritid ut fra forutsetninger, ynskjer og behov som til dømes:
- Gåturar, kafebesøk, besøk i symjehallen, trening, kulturaktiviteter eller følgje til organiserte fritidstilbod
- Bli kjend med nye mennesker og miljø, oppleve eit fellesskap
- Gi støtte og motivasjon
For oppdraget gjeld:
- Godtgjersle etter gjeldande satsar for fritidskontaktar
- Køyregodtgjersle
- Utgiftsdekking på kr 200,-
Gyldig politiattest må leggjast fram.
Har du spørsmål om oppdraget kan du ta kontakt med sakshandsamar Målfrid Hallaråker på tlf: 469 13 015.
Søknadsskjema finn du her
ID 2256 Ferievikarar 2025 - Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me har behov for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar
i perioden 23.06.2025 – 17.08.2025 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring). Medisinstudentar som har bestått 3.året.
Ved døgnavdelinga treng me sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt sjukepleiarstudentar.
Vår avdelingoverlege treng vikar i 4 veker i sommar. Vi søker vikarlege i den perioden,
(gjerne spesialist allmenmedisin/geriatri)
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå.
Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Ferievikarar må leggja fram politiattest av nyare dato!
Søknadsfrist 23.02.2025
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Agata Kapuscinska 407 29 263 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 917 27 837.
NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.
Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.
Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.