Sykle til jobben aksjonen varer frå 03.mai - 16.juni 2023. Aksjonen gjeld ikkje berre sykling til jobben, men også anna aktivitet på fritida. 

Alle som arbeider og bur i kommunen kan registrere seg gratis då Fitjar kommune er registrert som gratis kommune på heimesida der påmeldinga vert gjort. 

Sykle til jobben er eit flott initiativ for god folkehelse og dei som er med kan vinne fine premiar. Det kan etablerast lag for intern konkuranse, t.d. mellom ulike avdelingar. 

Her kan ein finne meir informasjon om aksjonen og melde seg på.