Matombringing

Beskrivelse

Om du bur heime og ikkje er i stand til å lage mat til deg sjølv, kan du få ferdiglaga middagsmat levert på døra. Maten kan leverast varm eller kald for oppbevaring heime.

Kommunen tilbyr matombringing for at du skal kunne bu heime og få dekt behovet for sunn, god og næringsrik mat. Du kan få levert mat éin eller fleire dagar i veka for ein kortare eller lengre periode.

Målgruppe

Eldre eller funksjonshemma som bur heime.

Vilkår

Sjukdom, funksjonsnedsetting eller andre grunnar til at du ikkje klarer å lage mat til deg sjølv.

Lover

Du har ingen lovfesta rett til matombringing. Kommunen vil vurdere om matombringing er aktuelt for deg.

Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester)

Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstenestene

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

I søknaden bør du skrive:

  • kvifor du treng matombringing
  • kor mange middagar du treng i veka
  • om du har allergiar eller om det er matvarer du ikkje et
  • om du må ha eit tilpassa kosthald på grunn av sjukdom

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan få ein annan til å søkje på dine vegner. Dersom andre søkjer på vegner av deg, må dei ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Heimesjukepleien vil avtale eit heimebesøk for å kartleggje behovet ditt. Saman med deg vil heimesjukepleien vurdere om matombringing vil vere aktuelt for deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Matombringing, matutkøyring, matutdeling, omsorgstenester, ernæringssvikt, underernæring, feilernæring

DebugView   v2