Nedlegging av Fjellheim FUS Friluftsbarnehage kom svært overraskande på kommunen. Fitjar kommune har ikkje fått noko førehandsvarsel om dette. Situasjonen vert svært usikker både for foreldre, born og tilsette i Fjellheim FUS friluftsbarnehage.

Hadde kommunen visst dette eit år i førevegen, hadde situasjonen kunna vore annleis. No er det søknadsfrist for barnehageplass 1. mars og mange foreldre er truleg fortvila og har heilt sikkert mange spørsmål.

På det noverande tidspunkt kan me ikkje seia så mykje. Det me veit er at Fitjar kommune har eit overordna ansvar for å ha nok barnehage-plassar i kommunen.
Og alle borna i kommunen vil få eit tilbod om barnehageplass for barnehageåret 2024 – 2025.

Fjellheim har i dag 34 born og det er ikkje nok ledig kapasitet til å ta opp desse borna i dei 3 andre barnehagane.
Leiinga i kommunen vil straks møtast for å sjå på mogelege akuttløysingar frå august 2024.

Administrasjonen vil saman med politisk nivå sjå på ulike løysingar i saka.
På sikt må ein sjå på løysingar for igjen å prøva å etablera eit permanent barnehagetilbod i Øvrebygdakrinsen.
No er det snakk om akutt løysing for barnehageåret 2024 - 2025 og det hastar.

Dette er ei kompleks sak og spørsmåla og vurderingane som må gjerast, er mange. 
Fitjar kommune vil koma med meir informasjon om alternativ for vegen vidare i første halvdel av februar. Me held alle mogelegheitar opne.