sviing av lyng
Foto: Aase Nøttveit

Sviing av lyng er naudsynt del av skjøtsel av kystlyngbeite. Det er knytt risko til brenning og det krevs at ein person er ansvarleg for tiltaket. Ansvarleg for sviing har ansvar for at sviinga er godt planlagt. Kva areal som skal brennast, kor starte sviinga og kor slokke. Sørgje for nok mannskap med rett utstyr. Ansvar for at brannflata er sløkt (ikkje røyk) før mørkets frambrot.

Søknad/avklaring med brannvesenet er ein del av naudsynt planlegging.  
God kommunikasjon med brannvesenet er viktig.

Her finn du skjema PDF document ODT document som skal nyttast når du skal søkja om løyve til lyngbrenning.  Utfylt skjema med aktuelle vedlegg sender du til ditt brannvesen/kommune i god tid. For Fitjar kommune er adressa Fitjar kommune. Pb. 83, 5418 Fitjar, evnt. epost til fitjar@fitjar.kommune.no Dersom véret tilseier at planlagt lyngbrenninga ikkje kan gjennomførast, til dømes mykje vind/tørke, må du melde frå om ny dato.

Ta kontakt med ditt brannvesen i Fitjar tlf 917 66 066 den aktuelle dagen og meld frå.

I tillegg skal det sendast info til Sør-Vest branndistrikt om utendørs brenning. I merknadsfeltet bør du skrive at det gjeld brenning av kystlynghei. Skjema til dette finn du lenke til her:

Her finn du informasjon hos Statsforvaltaren om "Skjøtselsråd for brenning av kystlynghei".