Det skal byggjast ny kommunal barnehage i Rossneset. Det er planlagt at arbeid med grunn og betong vil starte i veke 32.
Me håper folk viser respekt/har forståelse for at det i periodar kan vera ein del trafikk med store køyretøy. Samt at ein respekterer at dette er eit anleggsområde med adgang forbode. Steinsbø Hus AS skal i samarbeid med sine underentreprenørar prøve på beste måte å ikkje vera for mykje til hinder for lokalbefolkninga.
Om folk har spørsmål, kan dei ta kontakt med Steinsbø Hus AS tlf. 53 42 85 20.