hildegunn_800x534
Foto: Stord kommune

Fitjar kommune har avtale med Stord brann og redning som skal syta for feiing og tilsyn med fyringsanlegg så ofte det er behov for det.

I november månad vil feiaren utføre tilsyn av einebustader ulike stader i Fitjar ut frå ei risikovurdering.

Eit tilsyn omfattar informasjon om korleis du best mogleg kan ivareta branntryggleiken i bustaden din. Feiaren inspiserer eldstad, røykrøyr, skorstein, røykvarslarar, sløkkemateriell, rømmingsvegar og oppbevaring av brannfarleg vare.

Behov for feiing og tilsyn vert vurdert utifrå ei risikovurdering av kvar einskild bustad, med parameter som til dømes sotmengde, type skorstein, type omn og alder på bebuarar. Intervalla på tilsyn og feiing varierer frå kvart år, kvart 2.år, kvart 4. år, kvart 6. år og kvart 8. år.