Prisar for 2024

  • Ein barnehageplass kostar 1.500 kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2024. 
  • Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen. 
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre. 
  • ​Familiar som tente mindre enn 642.700 kroner (sats per 01.08.24) førre år har rett på lågare betaling. 

Søskenmoderasjon i barnehage

Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:

  • 30 % moderasjon for barn nr.2
  • for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehage. 

Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette. 

Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider.

Redusert foreldrebetaling i barnehage

Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 642.700,- (per 01.08.2024) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 1.500,-. 
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne

Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2024 er sett til kr. 642.700,-. 

Felles for ordningane gjeld:

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar

Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Søknadsskjema finn du i søknadsportalen, Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid.